Bolivia og Brasil
Tenk å vere så heldig å få bli med ei gruppe på tur til desse spanande landa. Det var familien Bjørdal, med Hildegunn Bjørdal Alnes og Kjersti Alnes som var reiseleiarar og vertar på turen.
Denne familien oppdaga for nokre år sidan behovet for hjelp til vanskelegstilte unge jenter og born i Sucre i Bolivia. Dei var så heldige å arve pengar frå foreldra etter at Ørsta Stålindustri selde aksjane sine, og i staden for å bruke pengane til eige formål tok dei ei avjerd om å kjøpe ei tomt i eit slumområde og bygge eit hus som kunne gi hjelp til mange. Prosjektet har fått namnet Centro Mariposa ( www.centromariposa.no ) som betyr sommarfugl.
Denne familien oppdaga for nokre år sidan behovet for hjelp til vanskelegstilte unge jenter og born i Sucre i Bolivia. Dei var så heldige å arve pengar frå foreldra etter at Ørsta Stålindustri selde aksjane sine, og i staden for å bruke pengane til eige formål tok dei ei avjerd om å kjøpe ei tomt i eit slumområde og bygge eit hus som kunne gi hjelp til mange. Prosjektet har fått namnet Centro Mariposa ( www.centromariposa.no ) som betyr sommarfugl.
Desse husa gjev tilbod til mange born og unge som har det vanskeleg. Dei har bustad for einslege unge mødre som anten har blitt valdtekne, eller av andre grunnar står åleine med eit barn. Dei kan ha blitt kasta ut heimanfrå, eller dei kan i utgangspunktet ha levd på gata. Her får dei hjelp til å vere mødre, dei får undervisning i matlaging, sying og stell av tøy. Målet er å bli sjølvstendige og klare seg med barnet sitt.
Huset ligg nær slumområda, og det er difor lett å ha kontakt med familier som bur vanskeleg. Borna får tilbod om leksehjelp på senteret, kvar dag er omlag 60 born innom, fordelt på føremiddag og ettermiddag for å få eit måltid mat og hjelp med lekser. Om dei ikkje har direkte behov for leksehjelp, så er dette eit svært viktig sosialt tiltak der borna får tilført vaksenkontakt, lært opp i å vere høfleg og tilpasse seg rutiner. Borna står ofte ein time i kø utanfor porten og ventar på at det opnar. På grunn av plassmangel og mangel på personale, må born avvisast. Det syner kor viktig det er å hjelpe senteret til å utvikle tilbodet slik at fleire kan nåast.
Familien Bjørdal som alle er arvingar etter Ørsta Stål. Alle har kvar på sin måte bidratt til at prosjektet har fått vekse.
Vi fekk fyldig informasjon om senteret på spansk, og med Kjersti som dyktig tolk til norsk.
Denne unge mora møtte for å treffe Kjersti. Ho var ved senteret for to år sidan då sonen var baby. No ville ho reise for å prøve å finne far til guten.
Då vi var innom lokala for leksehjelp, var desse borna klar for å dra heim. Dei venta på oss, og tykte det var stas å få besøk og bli tekne bilete av.
Den første dagen vi var ved Mariposa-senteret fekk vi omvisning og orientering om drifta. Vi møtte dei kjekke borna som venta på oss.
Vi såg syromet med alle symaskinene som blir brukt til opplæring i å sy kle, stikkemaskinene som blir brukt til strikkeopplæring, kjøken og vaskerom. Alt for å lære unge mødre til sjølvhjelp.
Vi fekk servering ute av mat som bebuarar og personale på Mariposa stelte til for oss.
På ettermiddagen vart vi delt i grupper på 7 og tekne med for å besøkje nokre av heimane til borna som nyttar senteret. Også mødrene til desse borna har nytte av senteret. Dei får bli med på kurs om barnestell og barneoppseding, og dei får nødvendig tilskot til mat og kle. Vi hadde med oss eit plastnett med mat då vi vitja familiene.
Det gjorde sterkt inntrykk å sjå på nært hald korleis dei bur. Ein familie vi var inne hos budde på eit rom på omlag 15 kvadratmeter. Der var murgolv og murvegger, ingen tepper på golvet. Ei seng, ein smal benk til å lage mat på, ein madrass på golvet som også tente til å sitje på i tillegg til senga.
I dette romet budde der ei einsleg mor med 4 små born. Den eldste av borna brukte leksehjelptilbodet ved Mariposa. Dei andre var framleis for små. I tillegg budde der på dette romet ei 16 år gamal jente med sitt barn på omlag eit år. Alle desse 7 personane var bundne til å bu her. Tilgang på vatn var å hente i bøtter til faste tider, toalett var der ikkje. Då måtte dei bruke uteområdet ovanfor huset.
Dei neste to husa var vi ikkje inne, men snakka med familien utanfor huset. Det var ein dag med regn, og det var difor vått og gjørmete utanfor døra. Alle borna vi såg gjekk i sandalar som dei berre steig inn i.
Eg gløymer aldri den vesle nakne og skitne foten til eittåringen på det kalde murgolvet. Mora amma han medan vi var der, ho amma og tre-åringen ved det andre brystet. Der var ei plastleike, det var den einaste vi såg. Den nest eldste guten leika med den medan vi var der, dreiv og tok den frå kvarandre og sette i hop. Eit lite svart/kvitt-tv stod ved eine veggen inne mellom kasser med ymse utstyr.
Utanfor døra var der eit overbygg med bølgeblikktak. Der kunne dei vere i le for regnet, men der var ikkje vegger.
Det kjendest respektlaust å ta bilete inne i dette husværet når vi stod der så tett på, difor gjorde vi ikkje det. Ho som var med frå Mariposa, og som hadde varsla og avtalt at vi skulle kome, sa at desse kvinnene er stolte av å få besøk av kvite folk, og stolte av å ha kontakt på Mariposa.
Vi besøkte to ulike barnehaimar. I Sucre har dei eit mål om at der ikkje skal finnast gateborn. Difor vert borna som dei finn raskt henta til barneheimane i byen. Der var born i alle aldrar, og dei fekk godt stell. Men det vi såg var at der var alt for mange born i forhold til personale. Det gjorde at borna ikkje fekk den nærkontakta med vaksne som er nødvendig for ei god utvikling. Eg reagerte på at med så mange born så var der ingen som gret. Der var så utruleg stilt. Det var trist, eit teikn på at gråt ikkje hjalp. Ingen kom og tok dei opp eller trøysta.
Valgdag i Bolivia.
Første påskedag var det valgdag i Bolivia. Denne dagen var alt stengt på grunn av valget. Det var ikkje lov å køyre bil eller å servere alkohol.
Ein tur til eit valglokale i nærleiken av hotellet vårt gav oss eit inntrykk av korleis det lokale folket gjorde det der.
Mykje folk møtte fram, og der var lange køar for å stemme. Utanfor var der ei rekkje med salgsboder. Mat og drikke av ulikt slag, kotelettar vart grilla på staden, ris og grønsaker vart laga og selt. Det var tydeleg at denne dagen var ein familiedag som folket brukte til det dei skulle, nemleg å gi si stemme til valget. Samstundes fekk nokre høve til å tene litt ekstra på å selje mat.
Hjelpearbeid i Bolivia - eit blikk innanfor
Det var tilfeldig at eg fekk høve til å bli med på ein tur til Sucre i Bolivia. Eit land eg knapt hadde høyrt om, og eg måtte fram med kartet for å sjå kvar det var.
Eg fekk tilbod om å bli med for å sjå på prosjektet som familien Bjørdal Alnes har bygt opp der borte.
Arven etter Ørsta Stål.
Salet av Ørsta Stål vart opphavet til eit hjelpetiltak for unge jenter, mødre og born i byen Sucre i Bolivia. Familien som arva pengane fann at dei ville bruke det til nytte for dei som trong det meir enn dei sjølve. Hildegunn Bjørdal Alnes og dottera Kjerstin Bjørdal Alnes fekk kjennskap til behova for hjelp i Sucre, og bestemte seg for å satse der. Prosjektet har fått namnet Casa Mariposa, som fritt oversett tyder “Sommargugl-Heimen”. Åpne vinger til et nytt liv.
Senteret har følgjande tilbod: Mødreheim, familieveiledning, leksehjelp for born, og opplæring av hjelpepersonell.
Motto: “kjærlighet og omsorg gir håp der fattigdom og vold rår”.
Mariposa er eit prosjekt under stiftelsen Avida i Bolivia, og er bygd på frivilleg økonomisk hjelp.
Byen Sucre.
Sucre har omlag 285 000 innbyggjarar, og ser ut som ein heilt vanleg storby når vi flyg over og går inn for landing. Men ganske snart merkar vi at her er det eit lav-inntekts-land. Dei fleste bilane er stort sett av gamal årgang og er vel helst det vi her heime ville kalle vrak. Kvinner dukkar opp med heimelaga tekstilar eller matvarer som dei ynskjer å selje til oss. Bilen som kom for å hente oss på flyplassen var heller ikkje av ny modell. Der var ikkje bagasjerom, så koffertane måtte stablast inne mellom oss passasjerseta. Dei vart stabla mest heilt til taket bak sjåføren, og eg fekk tankar om at dette ikkje var heilt forsvarleg.
Vegane var dårlege, mest grusvegar. Inne i byen var der meir fast dekke og stein, men nokre stader var det så bratt at vi fekk ei kjensle av at bilen kunne tippe bakover.
Men det gjekk greit, og vi vart innkvartert for 5 døgn på eit etter tilhøva bra hotell med utsikt over byen. Når vi gjekk i trapper og bakkar vart vi minte om at byen ligg 2800 m over havet. Nokre av oss merka også hovudverk og kvalme som er eit resultat av høgdeforskjellen.
Casa Mariposa.
Det var imponerande å sjå kva familien Bjørdal Alnes har bygt opp der i Sucre. I eit slumområde har dei kjøpt ei tomt og bygt eit stort og innhaldsrikt hus. I dette bygget, som eigentleg er fire hus innanfor ein høg og trygg mur, er der ulike tilbod til vanskelegstilte grupper frå nærområdet. Tre dagar i veka kjem 70 born, fordelt på føremiddag og ettermiddagstid for å få leksehjelp. Dette er born som går på skulen, men mange av foreldra er analfabetar og er ikkje i stand til å hjelpe med leksene. I tillegg til leksehjelp får dei eit måltid mat, og dei får høve til å lære sosiale reglar og veremåtar. Eit viktig mål med dette tilbodet er å knyte kontakt med familiene slik at ein lettare kan få innpass for å hjelpe der det trengst. Det er og ein måte å sjå barnet på slik at rett hjelp kan setjast inn tidleg.
Arbeidet ved senteret er bygd på kristen nestekjærleik utan at der er noko krav om kristent livssyn hjå tilsette og brukarar. Det teoretiske verdigrunnlaget er tufta på Trygg Base-modellen i sosialt arbeid.
I eine bygget er der eit stort allbruksrom som mellom anna blir brukt av den Lutherske menigheita, og til den førebyggande delen av Mariposaprosjektet.
Borna får tilbod om denne kontakten, og mødrene får tilbod om møter og om kurs. Mykje litteratur er omsett frå norsk til spansk slik at det er tilgjengeleg for dei lokale som kan nyttiggjere seg det. Denne omsetjinga har Kjerstin Bjørdal Alnes stått for. Ho var koordinator for Mariposaprosjektet då ho arbeidde ved senteret tidlegare. No er det ei dyktig kvinne frå Bolivia som har den stillinga, og Kjerstin følgjer arbeidet tett opp frå Norge.
Unge jenter som har vore utsett for valdtekt og blitt gravide, er velkomne til å bu på Mariposa for å få hjelp til å klare seg. Mange er utstøytt frå familiene sine, eller dei er av andre grunnar utan bustad. Hjelp til sjølvhjelp er prinsippet her. Dei bur over tid i eit felles husvære med kvar sine soverom. Fire unge jenter på 14 og 16 år budde der no, to av dei hadde med borna sine. Der er miljøpersonale, pedagog, og ein psykolog er tilsett for å hjelpe med å bearbeide traumer som jentene slit med. I tillegg er der frivillege som gjer ein stor innsats for heimen. Dei som nyttar seg av tilboda der lærer matlaging, hygiene, barnestell og psykisk tilknytning til barnet. Dei lærer i tillegg å sy og å strikke på maskin for å produsere kle anten til seg og barnet eller for salg.
Då vi var der på besøk, 19 personar frå Norge, inviterte dei oss ved to høve til felles middagsmåltid. Dei dekka langbord med plass til alle, både gjester, bebuarar og personale.
Besøk i heimane
Før vi kom hadde miljøarbeidar ved Mariposa avtalt med nokre av mødrene at vi kunne kome heim for å treffe dei der. Vi vart delt i 3 grupper, 7 i kvar gruppe, inkludert ein av personalet. Vi besøkte tre heimar kvar, og hadde med ein pose med matvarer til kvar familie.
Det var sterke inntrykk som møtte oss då vi gjekk inn i dette fattige området av byen. Det er ikkje til å forstå for oss at folk kan klare seg med så lite og bu så primitivt.
I mi gruppe vart vi inviterte inn i eit av husa. Det regna den dagen, og den brune sanden var som ei leirsuppe utanfor døra. Murgolvet inne var prega av dette, og heilt sikkert umogeleg å halde reint. Dei fem borna som budde der leika på golvet og oppe i den einaste senga som stod der. Det var berre eitt rom, omlag 15 m2. På storleik med badet mitt heime. Ei åleinemor med fire born i alderen 1 år til 8 år. I tillegg budde der ei 16 år gamal niese med eit barn på omlag eit år. Sju menneske budde i dette romet. Utanfor var der eit overbygg med bølgeblekktakk der det var muleg å ha lè for regnet. Der var ikkje toalett. Vatn fekk dei hente frå eit reservoar til visse tider ein gong i veka.
Dei nakne føtene på det kalde og moldute steingolvet sit i minnet mitt. Den vesle nakne foten til eittåringen som sat i fanget til mora og dia henne medan vi var der. Då han var ferdig kraup han ned på golvet, to-åringen kraup opp i fanget, og ho tok fram det andre brystet til han.
Eit av borna var oppteken med ei plastleike som han sette i hop og tok frå kvarandre, elles såg vi ingen leiker. Eit lite tv stod ved eine veggen.
Den største guten i familien har tilbod om leksehjelp på Mariposa. På grunn av den kontakten får ein høve till å følgje med på korleis det går med alle dei små og. Eit nyttig og bra innpass i den vanskelegstilte familien.
Dei andre heimane vi besøkte var omlag av same slag, men der var vi ikkje inne. Vi møtte dei utanfor der dei hadde lagt ut steinar som ein kunne stige på for å unngå å trakke ned i den blaute leiren. Vi merka oss at alle familiene vi vitja var glade for å få besøk av “kvite”, og dei opna spent posen vi hadde med så snart vi var på veg bort frå huset.
Besøk til barnehaimar.
Vi besøkte to barneheimar, begge med spebarnsavdeling og avdeling for litt større born.
Det som gjorde sterkast inntrykk her var at det var så stilt. Ingen barnegråt.
Vi kom dit midt i eit måltid. Borna vart mata, og etterpå lagt i ei seng med ei flaske saft. No var det sovetid. Ingen gråt, ingen protest. Her var lite rom for babysong eller kroppskontakt fordi der var så mage born og så få personale. Nokre studentar frå Norge og England var der i praksis, og dei kunne fortelje litt om det å ikkje ha tid til alle. Sidan dei var der som frivillege, kunne dei gi så mykje som muleg av si tid til borna, noko dei kjende var bra. Men det verste er opplevinga av å ikkje strekke til. Dette er born som har blitt henta inn frå gata, eller blir funne i heimar utan tilsyn eller der foreldra ikkje er i stand til å ha omsorg for dei. Sucre har som mål å ikkje ha gateborn, difor blir borna raskt henta inn og leverte til barneheimar når dei vert funne.
Dei litt større borna hadde tilbod om leik og rørsle, og det var etter tilhøva fint for dei. Ei ung dame som var med på turen med oss hadde for eit par år sidan jobba på den eine småbarnsavdelinga. Ho fortalde at ho såg framsteg både når det gjaldt tilbod til borna, og ho såg at dei hadde måla veggane og fått meir farge i interiøret. Ei positiv utvikling.
Barneheimane er ikkje drivne av Mariposa, men der er eit samarbeid under same “paraply”. Det heile handlar om å sjå hjelpebehova i byen og gjere ein innsats. Når vi var der og såg alt på nært hald, vart det lett å sjå at arven etter Ørsta Stål har hatt medverknad til eit godt nettverk i hjelpearbeidet.
Badeland
Borna som bur i dei fattige heimane opplever ikkje å dra på turar, aller minst å få bade. Difor var det fint at vi kunne vere med å sponse ein tur for alle som ville bli med til eit badeland som låg nokre mil unna byen. Heile 70 born melde seg på til turen, og vi vart observatørar til stor glede over dette som dei fekk oppleve. Godt organisert frå personalet på Mariposa laga dei ryddig kø inn porten til badelandet. Dei fekk beskjed om å hente seg kvar sin plaststol, og sette seg i ein ring kring han som organiserte det heile. Dei song, bad ei bøn, og så fekk dei utdelt eit enkelt måltid. Etterpå var det å skifte til badetøy. Det var litt av kvart som fungerte som badedrakter. Nokre hadde kleda på heile tida, nokre bada i truser og t-skjorter, bikini eller badedrakter slik vi er vande med var det lite å sjå av. Men gleda var til stades etter at dei nølande hadde blitt vande til vatnet. Då var det full fart i sklier og med spruting av vatn. Ingen kunne symje. Helsigvis var vatnet i bassenga grunt, 150 cm i det djupaste av dei tre bassenga, og der var det berre dei største som kunne vere.
Vi brukte heile dagen på badeland, og dei kjekke jentene og personalet frå Mariposa stilte med kylling, ris og salat, samt brus til alle før vi avslutta og drog heim.
Sight-seeing og middag i lag med jentene på Mariposa.
Eine dagen vi var der var det bestilt buss med plass til alle, både vi nordmenn og alle med tilknytning til Mariposa, personale og dei unge jentene med sine born. Turen gjekk til eit dinosaurmuseum. Her synte dei spor frå dinosaurusane si levetid frå fleire millionar år tilbake. Det var grundig informasjon om historia, og dei hadde gjenskapt dinosaurer i mange ulike storleikar. Filmen dei hadde laga synte utviklinga frå dinosaur til fuglar som vi har i dag. Der var avstøypning etter fotspor i fjellveggen, noko som tyder på at fjella har blitt pressa oppover og saman gjennom tidene. Før fjella vart pressa opp har sjøen gått inn til dette området.
Etter turen til museet var det tid for lunsj i byen. No var det vår tur å spandere på dei kjekke jentene som har diska opp til oss to dagar.
Dette var siste dagen vår i Sucre. Neste dag gjekk turen sydover til Brasil for fleire opplevingar. Men det er ei anna historie.
Hjelp Mariposa å leve.
Eg ser for meg eit tre som vert planta i mager jord, og det treng næring og godt stell for å vekse. Når det står stødig og greinene blir kraftige, er det klart for å bere frukt.
Eg ser for meg Mariposaprosjektet som eit slikt tre. Det vart planta i mager jord i eit fattig land, og dyktige “gartnarar” har gjeve gode vekstvilkår. Alle dei 70 borna og dei unge jentene er frukta som heng på greinene. Det verste som kan skje her er at “greinene” brotnar av mangel på “næring”. Då fell alle desse flotte borna ned og tilbake til ingen ting, og heimane misser noko viktig. Difor treng Mariposaprosjektet all den “næring” som kan hentast fram.
Sjå nettsida: www.centromariposa.no. Konto for pengegåver: 9533 05 02100.Brasil
Det var store kontrastar å reise frå høglandet med fattigdom til Brasil med Rio og kjende turistmål.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar