mandag 9. juni 2014



Karlsbakktvillingane

Av Turid Karlsbakk.

KARLSBAKKTVILLINGANE

Denne artikkelen er skriven ut frå mine eigne minne frå barndomen og korleis eg opplevde det, og frå historier som tvillingane sjølve har fortalt. Sjølvsagt må ein gå ut frå at her er nyansar som av andre kunne opplevast annleis. Det må det takast høgde for.

“Morgendagens menn” stod der som oversktift i Sunnmørsposten ein gong på 1950-talet. Under overskrifta var der bilete av tvillingane Svein og Leif Karlsbakk. Dei var på den tid aktive i turn og på ski, så det var ikkje utan grunn at oppslaget stod i avisa. Dei deltok i konkurransar i slalåm om vinteren og i turn om sommaren. Dei låg på topp gjennom fleire sesongar både lokalt og på fylkesnåvå.
“Er du søstra til Karlsbakktvillingane?” var spørsmål eg ofte fekk. Ja, det var eg, veslesøstra deira. Eg hugsar eg kjende meg stolt av å vere det.
Utanfor huset vårt i Bakkevegen var der mange ulike turnapparat tilgjengelege: svingstang, turnringar og line til å balansere på. Fordi tvillingane var aktive både med trening og undervisning i turn, fekk dei låne skranken som høyrde til på Møre Folkehøgskule sin gymnastikksal gjennom sommaren då der ikkje var aktivitet i salen. Dette var den einaste gymnastikksalen i Ørsta på den tid.
Alle desse treningsapparata som var i hagen vår samla borna på Bakkane til leik og turn heile sommarane gjennom. Tvillingane vart viktige førebilete for unge gutar, og mange vart svært flinke. Også vi småjentene på den tid vart flinke fordi vi ville gjere det same som gutane. Mange har minne frå ein aktiv oppvekst i Karlsbakk-hagen.
Tvillingane kjempa ein evig kamp seg imellom om å vere best. Dei trena musklar og balanse, og eg fekk jobben med å seie kven som var flinkast, hadde størst musklar og kven som var brunast om sommaren. Så sant vèret og føret tillet det, gjekk dei begge opp på Saudehornet etter skulen. Dei hadde slalåmskia ståande i Skåla slik at dei slapp å bere dei heile vegen heimanfrå kvar dag. Dei bar skina på skuldrane opp til toppen, og rann nedatt i Skåla på breen. Faktor i solkrem var ikkje oppfunne enno på den tida, så når vårsola skein på den kvite snøen og dei rende i bar overkropp, vart det av og til ein jobb for veslesøstra å rive av dau hud av dei solbrende ryggane deira når dei skala av.
Å stå på hendene på skorsteinspipa var ein av aktivitetane dei dreiv med. Huset heime var høgt, tre fulle etasjer og med fullt innreidd loft. Å sikre seg var ikkje tema. Eg vart peika ut som fotograf, og lenger enn det kom ikkje eg når det gjaldt turnaktivitetar på taket. Grannane gjekk inn for å sleppe å sjå då tvilingane gjekk på hendene rundt kanten på taket, utanfor snøfangarane. Dei ville ikkje sjå at dei ramla ned. I “klokskapens lys” no i ettertid har eg tenkt at om der hadde vore eit aktivt barnevern i bygda på den tid, hadde der kanskje kome inn ei bekymringsmelding. Mor vår var uvitande heilt til ho fekk det referert frå grannane i ettertid. Ho visste nok meir enn det kunne sjå ut som, men ho var av den rolege typen, vart ikkje hysterisk om vi balanserte litt høgt. Eg har blitt fortalt at når tvillingane passa meg, tok dei meg med opp på taket og sette meg på skorsteinspipa. Eg skulle trenast i å tåle høgde. Dei er 6 år eldre enn meg, og dette var sikkert ei god løysing for at eg skulle sitje still medan dei turna.
Tvillingane hadde romet sitt på øvste loftet, det vi kalla mørkeloftet. I deira evige jakt etter utfordringar, fann dei ut at dersom dei klatra opp og ned til/frå taket ved å bruke takrenna, og så vidare inn takluka den vegen, ville det vere ein “snarveg”. Då “slapp” dei å gå dei tre trappene opp til loftet. Den øvste delen av takrenna gjekk ut under rafta, det vil seie at dei måtte henge i luftlinje under husrafta før dei klatra opp på taket. Om dette var ein “lettare” veg enn å gå trappene, det blir det vanskeleg å overbevise meg om. Men at det var ein meir spanande veg, det trur eg nok. Først i ettertid har det kanskje gått opp for dei kor farleg dette eigentleg var, og dei har også i ettertid skjøna at takrenna faktisk kunne losne av tyngda deira medan dei hang under rafta. Høgda frå takrafta og ned var tre fulle etasjer.
Aktivitetar elles som tvillingane dreiv var å gå på hendene opp og ned den lange steintrappa på huset heime. Der er 14 trinn, og båe gjekk heile vegen både opp og ned. Dei laga vidare til ein stige av tre som stod på marka. Om lag som ei brei gardintrapp. Opp på den sette dei ein stabel med klossar, 6 stk for kvar arm, og så var det å stå på hendene oppe på klossane. Dei kasta ned ein og ein klosse medan dei flytta tyngda over frå den eine til den andre arma. Når alle klossane var kasta, gjekk dei ned stigen på hendene. Det var fantastisk å sjå på, mest som ei sirkusframsyning. Det var visst på sirkus dei hadde lært det og, forstod eg.
Det var ikkje berre lett for meg som var 6 år yngre. Eg ville så gjerne vere like flink som dei. Ein skulle difor tru at eg følte meg i skuggen av dei flinke og modige brørne mine, men det gjorde eg ikkje. Eg opplevde derimot at eg stod i glansen frå dei. Eg var stolt av dei, og eg tykte det var morosamt når folk ikkje kjende dei frå kvarandre og når eg fekk høyre frå andre kor flinke dei var.
Tvillingane erta meg mykje då eg var lita, og der vart kjempa mange kampar mellom meg og dei. “Kvar er makta di no”, spurde Svein medan han vreid meg hjelpelaust ned mot golvet og heldt meg der. Eg ropte og skreik, spytta og sparka til han slapp meg. Eg var aldri redd, eg veit at eg provoserte fram mykje av desse episodene fordi eg likte det. Det var på venskapeleg vis. Ute var det alltid trygt å vite at dei verna om meg dersom nokon ville meg noko vondt. Eg hugsar ein gong granneguten sprang etter meg for å “ta meg”. Då sprang ein av tvillingane etter han heilt heim. Då kjende eg kor trygt det var å ha storebrør. Men så hende det likevel at eg brått kunne kjenne det svei i baken fordi ein av dei stod på altanen og skaut på meg med det vesle luftgeværet sitt. Ein gong vi var heime åleine, mor var mykje borte i samband med foreiningsarbeid, erta Svein meg som vanleg. Han stod og skvette vatn på meg frå ein mugge han nettopp hadde skylt under springen. Brått fekk eg mugga i hovudet og den ramla i golvet og knuste. Det vart sjølvsagt gråt og tårer frå mi side, men då eg såg Svein stå der med eit fortvilt uttrykk og med hanken frå mugga i handa, då skjøna eg at det ikkje var meininga å kaste mugga. Hanken hadde losna. Då tok låtten meg og all “smerte” forsvann. Svein fekk kjøpt ny mugge som han stilt sette i skapet der den gamle hadde stått. Denne mugga var heilt ulik den gamle, så mor måtte ha forstått eitkvart. Men eg kan aldri hugse at denne hendinga vart kommentert. Ja tryggleiken kunne sanneleg gå i ulike retningar.
Dersom eg skal nemne meir av episoder frå Karlsbakktvillingane sin oppvekst, vil eg ta fram korleis dei sytte for å halde seg vakne natta til 17. mai for å sjå russen køyre forbi. Russebilane brukte å kome hoiande utetter Bakkevegen for å vekkje lærarar om natta. Det var stor stas då som no for borna å sjå og høyre dei. Det tvillingane gjorde var å ta med dyna frå senga si ut på taket. Dei la seg med føtene mot snøfangarane og med dyna over seg, så var dei sikre på å vakne når russen kom bråkande.
I slalåmløypene var tvillingane på topp i mange år. Dei deltok i renn både innanbygdes og utanbygdes. På den tid var der lokale sendingar i radio på søndagskveldane med resultat frå renn som hadde vore i helga. Eg hugsar kor spent foreldra mine var når resultata vart lesne opp. Stort sett var det anten Svein eller Leif som bytte på å ta første og andre plassen ein periode. Vi var så stolte av dei. At dei vart kalla for “morgendagens menn” var kanskje ikkje så rart medan dei var på sitt beste.


Svein står på hendene på klossar som han kastar ned ein om gongen. Etterpå gjekk han ned stigen på hendene.




Svein på ei hand på skranke.



                           Svein står ppå hendene på skorsteinspipa. Eg (Turid) sit på snøfangaren.


Svein på hendene på sykkelstyret medan Leif sit bak og held sykkelen.

Leif viser musklar.

Svein eller Leif kastar klossane.

Svein eller Leif på veg ned stigen etter å ha kasta alle klossane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar