tirsdag 5. august 2014




Med barnebarn til Syd-Grønland.




Etter at eg gav ut boka "Gripen av Grønland" hausten 2012, synte dei to eldste barnebarna mine, Susanne og Astrid, stor interesse for dette landet i vest. Far min, deira oldefar, overvintra på Nordaust-Grønland som fangstmann der på 1920 - 1930 talet. Historia han fortalde gjennom dagbøker han skreiv har vekt interessa.



Eg bestemte meg for å ta med dei to jentene for å kunne stige i land der historia hadde sitt utspel, sjølv om dette var litt lenger syd.

Eg hadde tidlegare, i 2000, vore innom nokre bygder syd på Grønland, og det var difor kjekt å kunne vise fram litt av det eg sjølv vart gripen av.

Nokre fleire ville fylgje oss: Eli Lannerholm med barnebarnet Tuva, Eli Magrit Bjørdal som òg hadde vore der før, og Kirstin Graff.


SYDGRØNLAND - eit land med kontrastar.




Her kan ein merke vengjesuset frå historia der Eirik Raude gjekk i land i det GRØNE syd, og difor gav landet namnet Grønland.
Her kan ein møte inuittar i kvardagsmiljøet, side om side med nordbo-historia. Dei mest kjende historiske stadane er Brattahlid og Gardar. Det var der Eirik Raude gjekk i land første gong og slo seg ned. Då vi såg stadane forstår vi godt at han fann dette grøderikt og ein stad å slå seg ned, og vi forstår at han gav landet namnet Grønland. Der var grønt og frodig, lune bakkar og flatt og lettdrive for den tid.
Tett ved grøderike marker møter vi dei bratte høgreiste fjella som lokkar fjellklatrarar til å utfordre sine aktivitetar i fjellveggen. I fjordane flyt mektige isfjell som lokkar kanopadlarane til å tilbringe ferien sin der. Då pakkar dei fullt i kanoen med nødvendig utstyr for mange veker, og så lever dei i dette eventyret. Vi trefte på fleire som vi snakka med på turen vår.

Norge - Grønland tur/retur.

Widerøe var det mest tilgjengelege alternativet for å kome oss raskt og rimeleg til Kjøpenhavn der vi skulle starte grønlandsferda. Vi måtte ha ei overnatting båe vegar i Danmark, og det var greit. Vi meinte at trillekoffert vart heilt feil på ein slik tur til lander der det ikkje er vegnett, og der helikopter og båt er framkomstmiddel. Vi valde ryggsekk og innlosjering på vandrarheim, på beste ungdoms vis.

Danhostel Amager var heilt greit, og vi kom til Kjøpenhavn så tidleg at vi fekk ein lang ettermiddag i byen. Regnbygene var heftige, men sola titta fram innimellom. Etter kvart vart det opplett, og neste morgon vakna vi til klar blå himmel. Dette veret varte under heile turen, bekymring for skodde og regn vart unødig.



Etter 4 1/2 time i lufta, tirsdag 15. juli, landa vi på Narsarsuaq lufthamn på Grønland. Spaninga var stor blant oss sju damene då vi etter kort venting gjekk ombord i helikopteret som skulle ta oss til Nanortalik. Vi som hadde vore på Grønland før, hadde eit særskilt ynskje, det var å bu i Mathildehuset der i Nanortalik.

Helikopterturen var spektakulær. Under blå himmel glitra isfjella på fjordane. Fjorden var grøn og blå alt etter kor mykje brevatn som hadde runne ut i, fjella var lave, runde og grønkledde, eller høge og spisse som om dei ville strekke seg heilt til himmels. Det var så vakkert. Nokre skoddedottar lurte inn her 

og der, men dei gjorde det heile berre meir trolsk.








Det var trangt i helikopteret, plass til 9 passasjerar og to pilotar samt bagasjen som var plassert under eit stort nett mellom pilotane og passasjerane. Vi fekk utdelt øyreklokker, som var heilt nødvendig grunna bråk frå motoren. Der var to passasjerar i tillegg til oss sju. Fem sat på ei rekke midt i helikopteret, og så sat to på kvar side med front mot sidevindauget og berre liten plass til beina mot døra der. Det var ein underleg tur, men du store tid for ei oppleving. I Nanortalik, på den vesle landingsplassen, henta dei sekkane våre i ei traktorskuff. Det var heilt rett med sekk, trillekoffert ville bli heilt feil her.

Jammen var det turistguiden Nils Jensen, den same som vi møtte her i 2000, som møtte oss på helikopterplassen.

Mathildehuset


Han var den same sjølvsikre personen som sist, så vi var spent på korleis han hadde utvikla seg på dei 14 åra sidan Eli Magrit og eg var her. 
Han køyrde bagasjen til huset, men gav klar melding om at vi alle skulle gå. Dette sjølv om han hadde plass i bilen, og at to av fylgjet gjerne ville sitje på. Det var ikkje så langt, men vinden var kald, og vi var enno ikkje fullt kledd for det. Jau, han var tydelegvis den same som for 14 år sidan.


Mimrebenken nedanfor Mathildehuset med utsikt mot sjø, fjell og isfjell.


Det var spesielt å vere attende i Nanortalik og Mathildehuset. Mange minne strøymde på for Eli Magrit og meg som hadde vore her før. Det var også kjekt for dei andre at vi var kjende her, og kunne vise veg til ulike stader som var verd å sjå. Mathildehuset ligg på eit museumsområde like ved sjøen. Isfjella flyt og ligg som tanngardar ute i fjordgapet. Dei flyt i all sin velde i heile fjorden, og med geiterams og smørblom som framside mellom store grå steinar, vert biletet fullkome. Vi fotograferte og tykte vi måtte ha med kvart eit einaste inntrykk.

Mathildehuset hadde lav standard, og det visste vi. Men sjarmen både inne og utanfor vog opp for det. Mot slutten av turen, sjølv etter ei natt på hotell, var det samstemt i gruppa at Mathildehuset var den mest 
sjarmerande opplevinga blant bustadane vi hadde på Grønland.

Komforten i sofaen hadde terningkast ein, men likevel....



Frå spisekrok med innsyn mot stova med 4 køysenger, sofa og salongbord. Der var oljeomn til å fyre i, og den nytta vi om kvelden når det vart kjøligare i lufta.




Eli L. framfor oljeomnen i stova.




Spillvatnet rann rett ut gjennom veggen.



Dobøtta. 
Denne svarte sekken inneheld toalettavfallet vårt, og vart henta av ein bil som samla opp desse kvar morgon.


Lotten sat laust i det trange romet. Fire damer sov her i tre netter, og snorkelydane gav underhaldning for den eller dei som hadde vakne stunder innimellom.



Eli Magrit, Eli L. og Kirstin ved utebordet som vi brukte kvar dag. 




Fantastiske blomemarkar


På veg til Mathildehuset går vi forbi ein kjend stein som frå naturen si side liknar profilen av ein mann. Dei tre ungdomelege jentene våre klatra opp og vart foreviga på toppen.


For best mogeleg å få fortalt korleis vi hadde det under opphaldet på Grønland, vel eg å skrive av dagboknotata min. Såleis blir det mest fullstendig. 

Den 16. juli.
På grunn av tidsforskjellen på 4 timar, vakna vi tidleg i dag. Kl. 06 var vi oppe og i gang med morgonstellet. Skodde om morgonen, men sol og klar himmel ut på dagen. Denne dagen kom det ein amerikansk turistbåt til bygda Nanortalik. Det krydde av turistar heile dagen, og museet var ope for gratis inngang. Museumsstyraren David (han kalla seg Davy) var stolt av museet sitt, og han tilbaud seg å ta eiga omvisning for oss i Mathildehuset neste dag når der ikkje var så mange andre.

Mathildehuset er lite og intimt, med tørrklosett på dusjromet. som måtte tømast  når det vart fullt. To personar i tillegg til oss (kanopadlarar som låg i telt) hadde tilgang til bruk av fasilitetane, så dermed fyltest doen fort. Andre kvelden måtte vi ringe til Nils og be han kome og tøme. Han spurde om det kunne vente til neste dag, men eg sa til han at det var så fullt at vi ikkje kunne sitte på, då måtte vi i tilfelle gå ut i naturen. Då kom han ganske kjapt og tømde.

Eli Magrit og eg mimra i Nanortalik og såg på kva som var endra og kva som var likt sidan vi var der i 2000. Utsikta mot sjøen var like vakker med smørblomane i front og isfjella som bakgrunn. Jentene gjekk tur i fjøra og fann eit selkadaver som låg der. Om kvelden gjekk vi “gamle” tur til hotellet, og bestilte middag til neste kveld for alle. Etterpå såg vi ei stund på lokal fotballkamp, men det vart litt kaldt å sitje stille, så vi rusla haim til huset. Mange lokale innbyggjarar var og såg på kampen. Alle er blide, helsar og seier “hei”. Kirstin "bryggjer" på ei forkjøling.


Lokale folk hadde laga program med kaffimikk på Kulturhuset for turistane. Der var dans av ungdomar, med og utan nasjonaldrakter, og der var songkor. Dei song svært seint. Etterpå har vi forstått at grunnen til det er at orda deira er så lange at for å uttale dei fullt ut, må dei bruke lang tid.
Vi kjøpte oss rekesmørbrød frå ein stand 

utanfor kafeen, og lokalt øl. Det er kjekt å støtte dei lokale.



Kaffimikk på kulturhuset i Nanortalik.



Museumsstyraren David. Kyrkja i Nanortalik i bakgrunnen.



Sangkoret som underheldt på kaffimikken på kulturhuset.

I tillegg til songen fekk vi dans av lokale ungdomar. Dei var flinke. 

Middagen på hotellet om kvelden vart tomatsuppe og kvalkjøt. Dei har berre ein rett pr. dag, og då må vi ta det dei har. Det var god mat.

Vi trefte nokre unge klatrarar som budde på hotellet. Dei var frå Canada og Tjekkia. Jentene våre kom i kontakt med dei, og vart med dei på pub. Dei hadde det kjekt der med biljardspel og fekk påspandert meir øl enn dei ville ha.
Det synte seg at der hang ein plakat på veggen i Mathildehuset med bilete av dei frå dei budde i huset i fjor. Mathildehuset var opptatt (av oss) i år, så dei måtte bu på hotellet.

(Beklager at eg ikkje klarer å snu bildet rette vegen)


Inne i kyrkjeromet


Kyrkjetenaren som var der og passa på medan kyrkja var open for turistane.

Flotte grønlandske drakter utstilt på museet.

Til ære for turistane stilte ei gruppe inuittar i kano for å syne korleis dei gjorde det før.

Og flotte skinndrakter vart synte fram av desse jentene.

Den 17. juli.
Eg vakna kl. 07.00. Gamal Dansk (“medisinen” vår) og kaffi var viktig kvar morgon. Vi inntok frukosten, enkel sådan, brødskive med sylte på. Ungdomane låg frampå litt i dag, var litt trøytte etter kvelden i går.
I dag tok vi med mat og vatn og la turen mot eit lite fjell som var overkomeleg for oss. Fin tur i vakkert vèr. Gjekk litt rundt på kyrkjegarden. Den er tilrettelagt som eit grantre når vi ser den ovanfrå.
Kyrkjegarden i Nanortalik

Fiskehandlaren i arbeid med fisken vår.

Vi handla torsk hos den lokale fiskehandlaren som vi hadde til middag. Fiskehandlaren ordna fisken til oss i fine bitar og tok bort hovud og innmat. Vi handla poteter og smør, og då var alt klart.
Vi hadde oss eit fantastisk fiskemåltid som vi åt ute ved langbordet nedanfor huset. Solskin over glitrande isfjell og blå fjord. Å, kor bra vi har det på Grønland!
Eli og Eli tok oppvasken i dag. Vi hadde avtale med museumsstyrar David om ei omvisning berre for oss. Han er tydeleg svært stolt av museet sitt, så det var jammen bra vi fekk lagt inn dette i dagsplanen vår.


Eit herleg fiskemåltid som vi åt ved langbordet ute.

Brått dukka det opp to unge menn frå Belgia som bad om å få slå opp telt nedanfor huset "vårt". Vi viste dei plass, og dei tre unge jentene våre ønska dei velkomne med ein liten "Gammel Dansk". Det var populært, og snart hadde dei fin kontakt med kortspel ved utebordet, og etterpå tur til pub-en. Dei unge mennene skulle fiske seg middag, men det var smått med napp. Difor fekk dei tilbod om ein middagsrest frå i går som stod i kjøleskapet vårt. Det vart dei glade for. Eli L. og Kirstin reiste på båttur til ein av fjordane i lag med nokre turistar som budde på hotellet, arrangert av vår "venn" Nils frå turistkontoret. Eli Magrit og eg filosoferte og mimra på benken nedom huset heilt til sola gjekk ned.



18. juli.
Avreisedag frå Nanortalik. Litt vemodig i grunnen, men greit å kome vidare. Farvel flotte og koselege Mathildehus!
Helikopterturen vart fantastisk i dag og. Det regna litt då vi forlet bygda, men det var klart og fint på heile turen. I Qaqortoq var der ingen som henta oss, så vi bestilte taxi til Hostellet. Grei plass, gode senger. Vi fekk i utgangspunktet rom med 4 køysenger, men vi betalte oss opp til vanlege senger med to på romet. Ungdomane syns det var greit å bu tre i lag. Eg kjenner på forkjøling i kroppen. 

Vi bestilte middag på ein koseleg Thairestaurant, men måtte vente ein time på bord. Vi gjekk rundt i byen medan vi venta, og då vart eg kald på grunn av kald vind. Matlysta var så som så, vondt i halsen og varm i kroppen. Sikkert det same som Kirstin hadde i Nanortalik.
Ungdomane handla inn og laga seg mat på Hostellet. Dei fekk også bestilt tur for i morgon til dei varme kjeldene. Kr. 1100 pr. pers.

19. juli.
Frukost med orientering om Grønland si utvikling og leveveg mm. frå dama på Hostellet. Svært interessant.
Nydeleg ver, gjekk omkring i byen og sat og sola oss medan vi venta på båttur kl. 12.00.
Eg kjøpte meg blå øyredobbar hos ei lokal dame, og magnetar på turistkontoret.

Lokale kunstnarar som selde smykker mm utanfor "Brugsen". 

To båtar kom for å ta oss med på tur, og vi fekk beskjed om å dele oss med tre i ein og fire i ein. Det høvde godt, ungdomane fekk eigen båt. 
Dette vart den mest fantastiske turen på heile opphaldet på Grønland. Ubeskriveleg. Isfjell, kvalar, varme kjelder med bading, blomar og blått hav. Verd kvar ei krone vi betalte.



Mektige isfjell




Båten til jentene.

Vi var ganske tett på fjella, men eg rekna heile tida med at desse karane som førte båtane visste kva dei gjorde. Dei har tross alt vakse opp med isfjella rundt seg.



Så var det bad i den varme kjelden. Mange grønlendarar hadde og teke turen dit på denne søndagen. 


På vegen heim såg vi kvalar som boltra seg i sjøen like ved båtane. Men dei kom ikkje med på bildet. Båtturen var på ein og ein halv time kvar veg, og med like lang tid i kjeldene. Båtførarane var greie og tålmodige karar som gjorde jobben sin med glans.

Attende i Qaqortoq bestilte vi bord på Thairestauranten til oss alle. Åt moskuskjøt, og det var jammen godt. Litt spesielt å ete det som far min brukte til middag då han var fangstmann på Nordaust Grønland i 1927 - 1931.




Medan vi ventar på skyss for bagasjen i Igaliku.
20. juli. 
Det er her som i Noreg, vi måtte ut av roma til kl. 10.00. Ungjentene gjekk tur til kyrkjegarden i Qaqortoq, og etterpå til byen. Vi damene gjekk tur langs eit idyllisk vatn. Nydeleg dag og varmt. Eli L. ville gjerne bade i vatnet, så ho fann seg ein høveleg plass og kasta kleda. I berre trusa la ho seg av i vatnet og sa det var “herleg”. Ho er tøff. Vi møtte mange frå lokalbefolkninga som gjekk tur i fineveret. 
Etterpå tok vi med oss sekkane våre og gjekk til sentrum. Pølse med brød smakte godt som ein enkel lunsj medan vi venta på at klokka skulle bli 15.00 då båten skulle ta oss til neste bygd, Itileq. Vi benka oss i sola og såg på borna i fine søndagskle som leika kring fontena i sentrum. Tydeleg at folk brukar søndagen til sosialt liv i lag med borna, og at dei pyntar seg.





Det var ein liten raud båt som kom og henta oss, plass til 2 personar utanom oss 7. Han kom før tida og reiste før tida. Visste tydelegvis kor mange som skulle ombord. Vi kom i kontakt med ei dame som hadde vore i Qaqortoq på besøk hos barnebarna. No skulle ho heim. Ho hadde haika med båten eine vegen, sa at det er svært dyrt å reise. Ein tysk turist kom på ved neste stopp, Narsaq, der dama gjekk av. Han skulle på haik i fjella åleine.

Ein bil kom og henta bagasjen vår ved ankomsten til Itileq. Eli Magrit sat på, ho hadde bestilt skyss på grunn av vond hoft, vi andre gjekk dei 4 km. til Igaliku (Gardar). Eli Magrit tok imot oss då vi kom fram. Ho hadde då innhenta nødvendig informasjon om alt muleg, så det var berre å følgje henne. Ho hadde ordna med å bestille middag til kvelden på Hotellet som var der. Alle ønska det. Vi åt nydeleg rekesuppe (som vi fekk oppskrifta på) og kjøtpudding laga av fårekjøt med fløtegratinerte poteter til. Veldig god mat.
Vi snakka om evt. aktivitetar i morgon. Astrid og Tuva snakka om å leige ATV (firhjuling). Vi bestemødrene vart skeptiske, var redde for jentene, visste ikkje så mykje om dette køyretyet. Men etter kvart forstod vi at dei vaksne jentene måtte få gjere det dei ville, vi kunne ikkje bestemme.
Vi andre, unnateke Eli Magrit ville gå på fjelltur. Vi bestilte frukost, nistepakke og middag til neste dag, og gjekk tidleg til ro. Takk for endå ein flott dag på Grønland.



Astrid og Susanne på veg over eidet frå Igaliku til Gardar.

Gamle tufter frå Eirik Raude på Gardar.

Litt meir av tuftene på Gardar.

Astrid klar med ATV. Bestemora sat på ein liten tur.

21. juli.
Enkel frukost på det vesle hotellet. Det er slik at vi må ta av oss skorne når vi går inn for å ete. Men så kan ikkje dette samanliknast med eit hotell i Noreg heller. Langt ifrå.

Etter frukost handla vi litt på butikken, Astrid og Tuva leigde seg ATV, Eli Magrit ville finne roa kringom i nærmiljøet, og Susanne, Kirstin, Eli L. og eg gjekk på tur. Hadde med niste og vatn. 
Etter at vi hadde gått langt innover i dalen, høyrde vi motordur. Astrid og Tuva dukka opp med ATV-ane og baud oss skyss. Ja ja, kvifor ikkje prøve? Vi kasta oss på baksetet og dei køyrde bestemødrene på tur. Snakk om å vere inkonsekvent: Vi forlangte at dei skulle bruke hjelm, og vi var skeptiske i det store og heile til at dei skulle køyre. Brått sat vi på utan hjelm og hoia og syns det var kjekt…

Kirstin og Susanne gjekk heilt til platået, og fekk eit spektakulært syn inn til innlandsisen og fjorden tettpakka med isfjell.
Middag på hotellet kl. 19.30, steikt torsk og aspargessuppe.

Ei lita fin blomsterurt. 
22. juli. 
Avreise frå Gardar. Vi plasserte sekkane våre utanfor døra for henting/frakting til båten. Avreise frå hotellet 10.15. Jentene ville gå over eidet, men vi “gamlingane” ville ha skyss. Avgang med "Puttut" frå ein annan plass enn då vi kom. Gamal sjarmerande raud fiskebåt. Fin tur på vel ein time mellom masse isfjell.



Gamal koseleg båt som tok oss med frå Igaliku til Brattahlid. 



På veg innover langs fjorden

Isfjella var rundt oss over alt.


Neste stopp: Brttahlid med overnatting i Det blå huset. Vi traff eit dansk par som fortalde kvar huset var, dei hadde budd der nettopp. 
Det synte seg at butikken var stengd i dag grunna straumstans, opnar i morgon. Det vart problematisk fordi vi ikkje hadde handla med oss mat. Vi fann ein suppepakke i ein av sekkane, og hadde kjeks som vi åt til. Brått dukka den danske mannen opp med to ferske torsk. "Jeg kommer med mat til dere" , sa han. Dei var heilt nyfiska, han hadde fått dei av ein fiskar, og ville gi dei til oss som ikkje hadde mat. Det var snilt gjort.  Eli Magrit tok ansvar for å  sløye og tilberede fisken for koking, og vi fire “eldste” plukka i oss fersk god fisk. Dei yngste ville ikkje ha.



Fisken var sprellande fersk...


...og veldig god!


Sol og avslapning i den blå solveggen ved "Det blå huset".


Leiv Erikson


Leiv Erikson i "himmelsjå"


Eg vil syne kor grøderikt der er på stadane der dei gamle nordmennene for lenge sidan fann å busetje seg. Det er forståeleg når vi opplever det på nært hald.

Pizza til ungdomen.

Eli L. framfor eit av dei oppbygde husa på Brattahlid.


Vi brukte timane på ettermiddagen til å gå rundt på dei gamle tuftene etter Eirik Raude. Statuen av Leiv Eriksson ruva høgt oppe på knausen. Det var kald vind enkelte plassar, men varmt når vi var i le. Vi slappa av ute på terrassen, sola oss og las.
Vi kjøpte middagen på Hostellet, men det var ikkje så mykje å skryte av akkurat. Ovnsteikt torsk med potetmos og aspargessuppe med rista brødbitar strødd på. Brownies og krem til dessert.
Vi tok tidleg kveld, eg fekk eige rom her. Jentene spela kort. Tuva ytte hudpleie til Eli L. og meg. Forkjølinga mi avtar, no er det Eli L som føler seg uvel.
Vi hadde ein kjekk kveld, mykje fliring. Kirstin gjekk tidleg til køys for å lese i boka si, vi andre sat og nytte utsikta mot sjøen ei stund før vi gjekk til køys kl. 22.30.


23. juli.
Eg vakna kl.06.00 av hovudverk. Kom på at eg gløymde å drikke kaffi i går ettermiddag. Stod opp og kokte vatn på vannkokaren og laga meg ein kopp kaffi. Etter ei lita stund vart eg bra. Las ei stund i boka mi, dusja, men har gløymt shampoen min i Qaqortoq, så eg må vente med å vaske håret. 
Eli Magrit og eg hadde bestilt frukost på Hostellet kl. 08.00. Det var ein ganske fattigsleg frukost: loff (rista), sylte, ost, kjøtpålegg, kaffi, te og juice. Omlag som på dei andre hostella, men ikkje så gode brød. Vi sat på terrassen og drakk kaffi i sola. Flott å sitje og sjå utover sjøen. Eli Magrit og eg gjekk i dag ein tur oppover bakkane bak Det blå huset. Der var grøderikt og flott å gå. Etterpå sola vi oss ved husveggen, og vi laga oss ein enkel lunsj, suppe med nudlar, før vi pakka saman og gjorde oss klar for avreise. Vi vaska, støvsuga og gjorde det fint etter oss. 

Etter avtale vart vi henta med båt, ein liten kvit hurtigbåt, som frakta oss over fjorden til Narsarsuaq. Der stod bil på kaia og venta på oss, og bringa oss til hotellet for vår siste overnatting. Dette hotellet, Hotell Narsarsuaq, hadde ein langt høgre standard enn dei andre som kalla seg for hotell. Her fekk vi oppreidde sengar og handdukar! Luxus i forhold til før. Eli Magrit og eg har blitt faste romdelarar, slik også her. 

Her var det duka for Grønlandsk buffet i hotellet sin spisesal. Det var fantastiske matrettar som var tillaga og dandert på fat. Alt muleg frå moskus til krabbe. Reker, ulike fiskeslag, røykt og ferskt, kongekrabbe, fiskesuppe, lam, moskus, tørka kjøt av ulike slag, dessert og kaffi. Desserten var skogsbær m. vaniljekrem.

Følgjande bilder er eit utvalg av alt det som stod på bordet. Vakkert pynta med markblomster på fata.










Dette var siste fellesmåltidet på turen, og vi skåla for kvarandre. Då overraska  jentene våre først med ein bukett markblomster til meg, så overrekte dei ei flott gåve og kort med fine ord som takk for turen. Tuva gjorde det same til si bestemor. Eg fekk ein inuitt av massiv messing belagt med 14 karat gull som var ei topp til å ha på vinflaske.



Gåva mi med kortet og blomekvasten.


Dette stod på kortet: 
“Kjære verdas beste bestemor! Tenk kor heldige vi er som har ei slik bestemor. Det har vore utruleg spennande å endeleg få sjå Grønland som vi har høyrt so mykje om. Det er kjekt å få dele denne tilknytninga med deg. Vi har ete moskus og kval, sett tusenvis av fantastiske isfjell, gått rundt i vakker natur og ikkje minst har vi ledd og kosa oss, og mykje, mykje meir.
Vi veit du ikkje drikk så mykje vin om gongen, difor tenkte vi dinna passa godt til deg. No kan du tenke på Grønland og oss kvar gong du drikk vin!
Vi er utruleg glade i deg! Tusen, tusen takk for turen! Stor klem frå Susanne og Astrid.


Tuva hadde kjøpt nydeleg smykke og øyrepynt i sølv, laga av ei lokal dame, til si bestemor som takk for turen, med kort frå Brattahlid.
I tillegg hadde dei skrive kvar sitt kort til Eli Magrit og Kirstin, så ingen var gløymd. Kjekke jenter. Det vart ein flott seremoni der ved bordet.
Vi “gamle” avslutta kvelden med å dele ei flaske raudvin som Kirstin spanderte.
Ei god natt i gode sengkle.



Politihuset i Narsarsuaq.



Takk for oss, kanskje brukar nokre av oss denne inngangen ein gong til ein gong i framtida?



24. juli. Heimreisedagen.
God frukost på hotellet. Nydeleg ver i dag og. Vi hadde planar om å gå ein tur til Signalhøgda, eit fjell bak hotellet, men vi slo det frå oss. Ville ikkje bli sveitt i kleda som vi skulle reise heim i. Vi vandra omkring i den vesle bygda med berre ei gate som går langs flyplassen. Vi gjekk omkring i museet som syner grønland si historie over lang tid. Mykje handla om krigen og om sjukehuset som var på denne staden då.
Avreise med fly kl. 15.45. Fin flytur. Flytta klokka 4 t fram, og landa dermed i Kjøpenhavn ved midnatt. Taxi til Hostellet, og alt gjekk greit med innsjekkinga der.



                    Takk til alle for ein fin og ugløymeleg tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar