torsdag 9. juni 2011

Ørsta og Volda folkedanslag på dansetur i Normandie

Folkedansarar frå Normandie og Noreg med musikarar og vertskap.















   For andre gong har Fotefar Temareiser frå Balestrand i Sogn organisert tur for Ørsta og Volda folkedanslag.
For to år sidan var vi på busstur til Estland og Latvia med deltaking på festival i Riga. Den turen var så bra tilrettelagd og vellukka at vi spurde om dei ville arrangere ein ny tur for oss i år. Dei foreslo Normandie og Paris som mål, med ein kombinasjon av dans og historisk program.


I tillegg til dansarane var der med andre interesserte. Tilsaman var gruppa på 63 personar. Ei stor gruppe, og ein kan spørje seg om det kanskje var i meste laget. Men på grunn av at folk følgde godt opp avtaler, og at turleiarane hadde eit godt planlagt opplegg for turen, gjekk det heile heilt greit.

Danseframsyningane

Dans på den gamle borga i Caen

Arrangørane hadde på førehand lagt til rette for, og annonsert i avisene, tre ulike danseframsyningar for oss. To framsyningar ute, og ei innandørs i lag med ei lokal dansegruppe. Vi var 12 dansepar frå Ørsta og Volda. Ved hjelp av vår dyktige danseleiar Åshild Liaskar og musikar på hardingfele, Liv Fridtun frå Sandane, gjorde gruppa ein framifrå presentasjon av norsk folkedans i Normandie.


Den dyktige musikaren vår Liv Fridtun


Første framsyninga var utanfor domkyrkja i Rouen. Trass i vanskeleg danseunderlag, og sjølv om vi vart overraska av regn, så gjennomførte vi ei framsyning som var dansegruppa verdig. Godt herda vestlendingar tåler ei regnbyge.

I Bayeux var vi i lag med den lokale dansegruppa, som vi også hadde middag i lag med om kvelden. Dei synte oss fleire av sine tradisjonelle dansar. Vi har trudd at vår gruppe var noko spesiell som held i hevd songdansar, men no synte det seg at også denne gruppa presenterte songdansar. Med tresko dansa dei på lette føter. Dei fortalde om draktene sine, at dei denne kvelden brukte såkalla kvardagsdrakter, og at det var grunnen til at dei dansa i tresko.

Dansegruppa frå Rouen

Den siste framsyninga vår hadde vi på den gamle borga i Caen. Framføringa her var i flott ver, og med mange tilskodarar. På grunn av at pressa var varsla på førehand, møtte det fram journalistar ved alle framsyningane. Det vart såleis oppslag i lokalavisene med bilete og omtale av dansegruppa frå Noreg.


Vi takkar for oss med norske flagg

Den franske historia

I tillegg til danseframsyning og samkvem med lokale dansarar, fekk vi oppleve historiske høgdepunkt presentert av historikarane og reiseleiarane Rasmus Sunde og Yoran Sandanger. Sistnemnde er halvt fransk, og hadde brei kunnskap om både gamal og ny historie. Vi fekk fyldig innføring og møte med historia om Gange-Rolv som etter seiande hadde sitt hovudsete i Rouen. Vi vitja og kyrkja som er bygd til minne om ungjenta Jeanne d`Arc som vart dømd for kjetteri og brend levande på marknadsplassen der.




I Bayeux fekk vi høve til å sjå det vidgjetne Bayeux- teppet på 70 m som gjennom broderte bilete fortel historia om Vilhelm Erobraren si hærtaking av England for 1100 år sidan.










Denne statua av Jeanne d `Arc utanfor kyrkja var pynta med blomar i høve minnehøgtid.



Ei minnestatue etter falne soldatar


Vi vitja landgangsstrendene for D-dagen 6. juni 1944. Krigskyrkjegarden som amerikanarane eig og held ved like gjev eit sterkt bilete av alle liva som gjekk tapt i denne grufulle krigen.


Ein velstelt gravlund



Det var ein kuriositet å få vitje hagen til den kjende målaren Claude Monet og huset med utstilling av dei kjende kunstverka hans




Siste dagen før vi sette kursen mot Paris, vitja vi den kjende klosterøya Mont St. Michel.
Det ville
        nok ha vore ei meir høgtidssam oppleving her om det ikkje var så mykje turistar den dagen. Det var
        mest ikkje framkomeleg inne på området.


Det var mange turistbussar denne dagen

Dei to siste dagane av turen var vi i eksotiske Paris. Med sine kjende attraksjonar og i flott sommarver, vart dette ei verdig avslutning på turen.


Ørsta og Volda folkedanslag har dansa i lag i 25 år. Vi har vore på mage turar og festivalar i mange land for å danse. Vi dreg alle på åra etter kvart, men dansen og samhaldet er med på å halde oss i form. Vi takkar kvarandre for ei flott oppleving i Normandie og Paris, og ser fram til fleire turar i lag.



Ei minnestøtte av Jeanne d `Arc inne i kyrkja



søndag 15. mai 2011

Ishavsmuseet


I dag har vi hatt ein fin besteforeldretur til Ishavsmuseet på Brandal i lag med dei to gutebarnebarna våre.
Veldig kjekt å få gå ombord i ishavsskuta Aarvak og utforske lugarar, rorhus, bysse mm. Å klatre opp og ned i leideren var ikkje noko problem for dei to karane.
Ishavsmuseet er for meg ein viktig del av min far si historie, og mi eiga historie om Grønland.
Verd eit besøk for alle.








Even og Lars i lag med isbjørnen


Even på veg opp leideren på skutesida

Lars på veg opp leideren på skutesida

Lars og Even styrer skuta




Bestefar, Lars og Even på dekk



Ombord i den overbygde ishavsskuta Aarvak


fredag 13. mai 2011

Krakow



I april i år vitja vi byen Krakow i Polen. Dette var ein guida tur, noko eg trur er den beste måten ein kan reise på dersom ein vil oppleve mykje på kort tid. Turen var frå laurdag til onsdag. Desse dagane fekk vi bli godt kjende med gamlebyen og alt det dei sjarmerande gamle områda hadde å by på. Små restaurantar ute og inne, butikkar, marknad og kyrkjer. Det er godt for sjel og sinn å rusle i desse gamle gatene.
Tre retters middag og underhaldning kvar kveld. Denne kvelden var det ei nasjonal danse- og spelegruppe som laga stemning under måltidet.

Auschwitz og Birkenau. Det vart eit gripande møte med denne staden som har bidratt til så mykje vondt for det jødiske folket. Guiden her sytte for ei kjenslefull oppleving av alt som denne staden representerer.

Over inngangspartiet heng dei optimistiske orda: Arbeid macht frei.







Ei minnetavle over norske jødar som vart henretta i Birkenau.

"Det motsatte av kjærlighet er ikke hat, men likegyldighet"
Dette sa nobelprisvinnar, og overlevande frå Auschwitz Elie Wiesel.
Etter desse timane var ein middag i det jødiske kvarteret i Krakow ei verdig avslutning på denne dagen.





Zakopane, Polens vinterhovudstad med den vidgjetne hoppbakken Wielka-Krokiew der fleire nordmenn har teke medale. Det flotte veret vi hadde sette ein ekstra spiss på opphaldet der.


Saltgruvene i Wieliczka. Det må vel trygt seiast at dette vart ei stor overrasking for oss. Ingen hadde på førehand hatt forestilling om kor fantastisk denne gruva er. Vi gjekk ned til 130 m av gruva som vart laga på 1200-talet. Der er 300 km med gangar og over 2000 rom. No er der lokaler som vert brukt til arrangement for store samkomer, der er sjølvsagt tilrettelagt for turistar, og det mest fantastiske var den store katedralen som opna seg langt nede i gruva. Ikkje til å tru.








Denne turen var arrangert av Nytt og Nyttig. Absolutt bra. Fantastisk flink guide.