torsdag 24. juni 2010

Berlin for andre gong!


Vi fekk lyst til å besøkje Berlin igjen. Ein del var usett, og ein del hadde vi lyst til å sjå på nytt. Rimeleg tur. 3 overnattingar med hotell midt i sentrum av Berlin.
Schønfeldt aitport er ein heller dårleg flyplass. Den ligg i Aust Berlin, og ber preg av det. Vi meistra kjøp av togbillettar på automat, og vi fann ut korleis vi skulle kome oss vidare med toget. Det heile vart noko meir innvikla enn nødvendig, men då vi endeleg fann fram til hotell Ambassador var vi glade og fornøgde og sette i gang med å oppleve.
Vi vitja Unter den Linden, Brandenburger Tor, vi såg Holocost memorial, og vi såg restar av muren og Checkpoint Charlie. Kjende stader alt i hop.
Vi vitja også det store varehuset Ka De We som er Berlin sitt svar på Harrods of London. Her hadde vi eit mektig (og langt frå billeg) lunsjmåltid eine dagen. Ei  flott oppleving var det å sitte på toppen i glashuset og sjå utover byen.
Turbussane som tek oss med rundt med guide er svært nyttige for å få eit perspektiv på byen. Vi gjekk av på Brandenburger Tor og fekk inn litt av atmosfæren der.
                                                                                   
Vi kjende litt på korleis det må ha vore medan muren var der, og korleis det var då den fall. Sikkert ikkje berre greit etterpå heller for ein del folk der.













Ein av dagane drog vi til Nikolaikvarteret som er den eldste bydelen i Berlin. Den gamle kyrkja er den eldste bygningen i Berlin, og byen har vakse ut frå denne kyrkja.

Det 368 meter høge TV-tårnet med den roterande kafeen på toppen lot vi vere. Der var lang kø for å kome opp. Vi valde i staden ein triveleg uterestaurant der vi hygga oss med pils i fineveret. Ja, veret var strålande alle dagane vi var der.


Nikolaikyrkja frå 1250.


Den siste kvelden berre rusla vi rundt i nærmiljøet ved hotellet. Det var varmt og mykje folk var ute. Vi sat lenge ved eit bord på Alexanderplatz og åt is og såg på folkelivet.

Tre dagar var høveleg. Vi fekk med oss det meste av dei aktuelle kjende stadene, og vi hadde tid nok til å finne roa og nyte det flotte veret og den flotte byen.



Dette er Keisar Wilhelms minnekyrkje ved Kurffurstendamm.

lørdag 24. april 2010

”Oskefanga” i Italia vart til draumeferie

Fontena Trevi i Roma

Den 9. april tok flyet av frå Oslo lufthamn Gardermoen med Roma som mål. Tilsaman 53 personar i ulik alder var med i reisefylgjet. Rasmus og Yngve Sunde var reiseleiarar og turarrangørar frå ”Fotefar temareiser”. Turen var planlagt til å vere ei veke med opplevingar i Roma og Toscana.


Colosseum Roma


Dei kjende stadane i Roma vart opplevd fullt ut: Peterskyrkja, Piazza Navona, Colosseum, Fontena Trevi, Panteon osv. Fint og varmt ver, og godt å kome bort frå snøen heime.

Søndag den 11. april forlet vi Roma for å tilbringe dei neste 5 døgera i kloster i San Miniato i Toscana. Klosteret var grunnlagt i 1211 av Franz av Assissi, så vi levde i historiske omgjevnader medan vi var der.


San Miniato med utsikt over Toscana

Denne byen vart utgangspunkt for opplevingsturar til Lucca, Firenze, Siena og Pisa. Vi vitja vingard og økologisk gardsbruk, vi såg på det skeive tårnet i Pisa, og vi var på kunstutstilling i det kjende kunstgalleriet Uffizi i Firenze. Det eldste kunstmuseet i verda.

Det skeive tårnet i Pisa ved sidan av Domkyrkja.


Gamlebrua i Firenze


”Fotefar temareiser” har gode turar som absolutt er å anbefale for den som vil oppleve noko ekstra. Dei stiller med to reiseleiarar, og i tillegg har dei gode lokale guidar på dei ulike stadane vi vitjar.

Oske frå Island.

Dagen før planlagd avreise frå San Miniato fekk vi bodskapen om at ei vulkansky frå Island var i ferd med å lamme flytrafikken over heile kontinentet. Flyet vårt som etter planen skulle ta oss heim frå Pisa til Noreg var kansellert. No fekk reiseleiarane litt av ein jobb. 53 personar måtte innlosjerast og takast hand om i Italia.

Det vart i første omgang ordna med ei ekstra overnatting i klosteret, og vi vart i utgangspunktet glade for å få ein ekstra dag i den svært trivelege vesle byen San Miniato. Frå dette tidspunktet var alt uvisst, og vi hadde treffpunkt til visse klokkeslett der vi vart oppdaterte og informerte om stoda.

Vi vart glade då vi fekk melding om at vi kunne få fly frå Roma på søndag den 18. april. På forunderleg vis klarte dei å skaffe ein buss som ville køyre oss til Roma på laurdag og vi fekk også alle plass på eit fint hotell i nærleiken av flyplassen.

No trudde vi at alt var i orden. Men nei…det var no det heile byrja!

Ny kansellering.

Flyet på søndag vart også kansellert, og vi fekk beskjed frå Norwegian om at vi helst burde kome oss heim på eiga hand, då det var uvisst kor lenge flyromet ville vere stengt..

Så kva skulle vi då attende i Roma å gjere? Men dette var det einaste haldepunktet vi hadde, bussen og hotellet der. Så dermed var vi på veg. Vi hadde eit stopp på togstasjonen i Firenze der det vart prøvd på å få togbillettar til Tyskland som ei løysing, men det var det berre å gløyme. Vi var mange personar, og hundrevis av menneske stod i billettkø.

Buss til Kiel.

Heilt tilfeldig fekk ei av deltakarane på turen vite at ein turbuss frå Austerrike var på Cicilia med turistar, og kanskje kunne dei hente oss og køyre oss oppover i Europa? Etter mykje ringing og mykje spenning kom meldinga: Ein buss hentar oss på hotellet i Roma natt til søndag for å køyre oss til Kiel. Ein lang busstur, og det må vel seiast at vi var mange som tenkte med gru på korleis det ville bli å sitte i buss så lenge.



Vi vart innlosjert på hotellet ved flyplassen i Roma. No var dette den einaste ”heimen” vi hadde så langt. Middag og gode sengar kom vel med i påvente av at bussen skulle hente oss midt på natta.

Det var ei underleg kjensle å stå der om natta og vente. Eg må ærleg seie at det sneik seg inn ein tanke om at der ikkje kom til å kome nokon buss. Men det gjorde det.

Luxusbuss.

Etter kvart som augene vende seg til halvmørkret i den to etasjes bussen, oppdaga vi at dette ikkje var nokon vanleg buss. Her fann vi fantastiske sovesete. Mest som godstolane heime, og med god plass til beina. Men ikkje nok med det. I første etasje på bussen var der restaurant med alle rettar og eiga serveringsdame. Her kunne vi bestille det vi ville av mat og drikke på heile turen, og fekk det servert på elegante brett på bordet i restauranten. Det heile var som ein draum. Bussen stilte med 3 sjåførar i tillegg til serveringsdama, og dei køyrde kontinuerleg til Kiel med berre korte stopp på vegen.

Under vegs var reisearrangørane aktive med å skaffe hotell i Kiel og billettar på ferga til Oslo.

Den fantastiske bussen som tok oss med frå Roma til Kiel.


Nye oppturar.

Vi trudde at toppen var nådd då vi sat i den fantastiske bussen, men når vi booka inn på tre stjerners hotell Steigenberger i Kiel, og vidare fekk lugarar med havutsikt til alle på Colorline frå Kiel til Oslo, då var kvar og ein i reisefylgjet samde om at denne oska frå Island vart med på å gi oss ein ekstra ferie. Vi veit at mange har hatt vanskar med å kome seg heim frå utlandet i denne situasjonen, men vi var meir enn heldige.




Takk til arrangørane.

Turen som i utgangspunktet var planlagt til 7 dagar vart tilsaman 11 dagar. Men det gjorde ingen ting! Vi hadde det bra, og arrangørane gjorde ein god jobb.

Takk til far og son Rasmus og Yngve Sunde i ”Fotefar temareiser” for glimrande utført arbeid med å få alle trygt og behageleg attende til Noreg.



Turid Karlsbakk og Lars Hoggen

mandag 15. mars 2010

Færøyane - eit kulturelt feriemål

Vi vitjar Torshavn

Torshavn på Færøyane var målet, og feiring av nasjonaldagen den 29. juli var vårt felles prosjekt.
Vi reiste med Siljaline frå Bergen, og bokstaveleg tala dansa oss over havet. Det var solskin og flatt hav. Vi hadde med både dansemusikk og danseglade menneske frå ulike stader i Norge. Ein ugløymeleg båttur.
Nasjonaldagen vart feira med norsk og færøyisk dans, med fellessong ute ved midnatt, så kaldt i lufta at sjølv ulltrøyer under bunadskjorta vart for lite til å halde varmen. Men med tusenvis av folk i gatene som var der for å feire dagen/kvelden så vart likevel kulda gløymd for ei stund.



              Om dagen var det opptog med dei vakraste bunader ein kan tenkje seg.



Ein sjarmør kledd i bunaden sin i høve nasjonaldagen.





Vi kjøpte oss ullkle om dagen, og med varm kakao i koppane venta vi på den tradisjonelle fellessongen ved midnatt.




              Vi dansa songdansar i botnen av den djupe tunnelen dei var så stolt av å syne oss.


Opphaldet på Færøyane varte i fleire dagar, så vi fekk tid til turar og omvisning på øya.
Absolutt ein tur det er verd å arkivere blant dei spesielle og vel verd å oppleve.










søndag 31. januar 2010

Vinteren er vakker!



Etter det voldsomme snøfallet i går kan vi no nyte blå himmel og kvitkledde fjell bada i sol Vakkert...
Var det nokon som såg på den store månen i går kveld? Eit glitrande kveldsbilete.

Nivane i sol og snø



Frostrøyk på Ørstafjorden den 8. januar



tirsdag 5. januar 2010

Vakkert, men no er det nok.



Godt at det slutta å snøe. I går var det mest umogeleg å ta seg fram med bilen. Det førte til at vi kjøpte snøfresar!!

I dag vakna vi til vakker blå himmel og soleglad bak fjellet. Då er jammen snøen fin der han breier seg utover veranda og hustak.
No ynskjer eg meg mange slike dagar med 10 kuldegrader slik at vi får ha denne snøen som er komen.  

Men ikkje meir!!




Vakkert

fredag 1. januar 2010

GODT NYTTÅR!

2010
Så er det over.... den kom og den gjekk i år også - jula. Alle førebuingane: innkjøp, pynting, nye innkjøp, parkering, kassakø, kva har vi gløymt? Tanken på at vi ikkje fekk handla inn nok heldt på å ta overhand. Vi har fylt berepose etter berepose. Utruleg at vi treng så mykje meir mat i jula enn elles i året??

Magen seier frå før kvart måltid at der er ikkje plass til meir. Men all den gode maten som vi har laga må no etast vel? Kompostkvern i eigen mage?? 
Så kjem kvelden. Eg ligg i senga med ein mage som jobbar på høgste gir. Ikkje mogeleg å sove. Javel, berre å stå opp. Finne fram boka. Lese ein times tid.
I morgon skal eg ete berre litt, vente til eg vert svolten, og så slutte i tide.

Men korleis vart det? Etter å ha konsumert restane etter hjortegryta og den heimelaga isen med bringebær og eggelikør så vart nok godstolen FOR freistande. Ein liten middagskvild berre, sidan det vart så lite søvn sist natt.....
Ja, vi er i gang. Den vonde sirkelen. Døgnet er snudd. Dårleg samvit, kaloriar i tonnevis.
Godt at alt er over no. Gled meg til jobb på måndag. Håper der er plass på helsestudio også...
GODT NYTTÅR!!!