tirsdag 29. september 2009

Møte med ei 100 år gamal kvinne

I lag med mi 87 år gamle tante Martha drog vi i dag til Hjørundfjordheimen for å besøkje Helga som fylte 100 år den 29.08.09. Desse to kvinnene vaks opp som grannar på kvar si side av vegen på Øye i Follestaddalen.
Det vart ein ugløymeleg time vi hadde denne ettermiddagen på Hjørundfjordheimen. Det var som å bli med tilbake til fortida medan dei mimra og hugsa dei mange minna frå dei var små. Den 100 år gamle Helga er kvikk som ein ungdom i minnet. Ho fortel kjapt og utan opphald om hendingar frå sætrelivet i barne- og ungdomstida, og om episoder frå oppveksten med dei mange borna som vaks opp på dei to gardane.

Eg hugsar Helga frå eg sjølv var lita. Eg brukte å vitje henne i lag med mor mi. Når vi no møttest så kunne ho fortelje episoder frå den tida som eg sjølv hadde gløymt.
Ho storkosa seg over besøket, og det var tydeleg at å vandre tilbake i tid gav henne ei god stund. Helga både ser og høyrer godt. Ho treng ikkje høyreapparat, og ho sat og hekla på ein fin duk då vi kom. Ho likar seg best når ho kan vere på sitt eige rom. Der kan ho sjå på tv, ho har sin eigen telefon, og ho likar å hekle dukar som ho kan gi bort.
Eg må tilstå at denne turen i lag med dei to ungdommelege kvinnene på 87 og 100 år vart for meg eit minne for livet.
Dessverre så gløymde eg å ta med fotoapparat, så difor bør eg ta ein tur igjen ganske snart. Men denne rosa som eg legg inn på bloggen vil eg skal vere eit symbol på Helga slik ho stråla imot oss.

lørdag 19. september 2009

Praha er verd å sjå - men skund deg før turismen tek overhand.

Ein tur til Praha i lag med gode vener kan eg absolutt anbefale. Ta ein taxi til Slottsfjellet. Heile fjellet er eit museum. Ein treng god td for å kjenne på atmosfæren medan ein vandrar i "Golden gate", ein tur til dukkemuseet eller om du ønskjer å gå ned til torturkammeret nede i fjellet. Dersom du vil besøkje den store kyrkja må du bruke mykje tid til å stå i kø. Det prioriterte ikkje vi. Men vi valde å spasere ned alle trappene frå fjellet til Karlsbrua.
Turismen er i ferd med å øydelegge ein del. Brua er til tider så stappfull av folk at vi går nesten i kø.


Butikkane i sentrum er prega av souvenirar der du finn det same over alt. Men der er også flotte krystallbutikkar der du finn det beste. Praha er kjend for rimeleg og fin krystall, men det løner seg å gå litt utanom sentrum. Der er prisen llavare.  Så kan du gå deg frampå ein dukkebutikk med tredukker av alle tenkjelege variantar. Kjekt å kjøpe med heim til barna eller barnebarna kanskje?                      
Det kryr av tilbod på konsertar i Praha. Vi nytta oss av eit tilbod om 5 retters middag og Musikk av Mozart i 3 akter som varte under heile middagen. Vi hadde utsikt mot klokketårnet på rådhusplassen, og kvelden var fantastisk vellukka. Berre synd at der var så få tilhøyrarar i spisesalen denne kvelden.

                                
Jau då, eg reiser gjerne attende dit. God mat og trivelege restaurantar. Prisane går godt an, sjølv om dei nok er på veg oppover der også.

lørdag 12. september 2009

MØTET MED DEN GRØNLANDSKE KULTUREN

Eit særprega land - eit venlegsinna folk

Etter at eg vitja nordaust-Grønland i 1990 har eg aldri vorte ferdig med dette landet.
Difor tok eg ein ny tur, ti år etter, for å sjå og oppleve meir.
Sommaren 2000 gjekk turen til sør-Grønland, til busetnader der dei første nordmennene slo seg ned.
Eg var spent på om denne landsdelen ville gi meg dei same vakre og storslåtte naturopplevingane som dei eg fekk lenger nord. Der var det villskapen, dei enorme naturkreftene og villdyra som fascinerte meg, samt opplevinga av å finne spor etter far min.
No ville vi få møte dei innfødde grønlendarane, samt sjå gamalt og nytt i dette landet som i stor grad er i utvikling.

Tre damer delte opplevingane i lag med meg denne gongen: Eli Bjørdal frå Ørsta, Lidvor Sætre Mork frå Vartdal, Sigrunn Martinussen frå Oslo.
I motsetnad til forrige tur som tok ei veke med båt over havet, tok denne turen berre fire timar frå Køpenhavn til Narsarsuaq med fly.
Eg kjende litt av det same som sist då eg steig ned frå flytrappa, men spenninga var ikkje like stor denne gongen. Dette vart meir som eit nytt kapittel, ein måte å danne eit slags heilskapeleg perspektiv av landet.

Dei mektige isfjella
   
Noko av det som imponerer ein turist på Grønland er isfjella. Dei flyt i fjordane som mektige katedralar. I solskinet glitrar dei i drivkvitt og blått, og i skodde og regn skimtar du dei når dei dukkar opp like ved skutesida. Vi opplevde begge deler, og vi såg dei frå den klare lufta på helikopterturen vår.
Båtturane kunne virke lange i utgangspunktet, men her var det stad og rom for kontakt med nærmiljøet. Der er ikkje bilveg mellom bygdene, men båt avgang ein gong om dagen.
Folk på Grønland har tid nok. Når dei reiser med rutebåten til nabokommunen for å vitje, ja, så blir dei der ei veke eller så. Slik er det der.
Men sjølvsagt finst der også den moderne forretningsmann/kvinne. Då er det fly og helikopter som er framkomstmiddelet, og der er eit godt utbygt rutenett.
Men veret bestemmer nok her og. Er det skodde så står flyet eller helikopteret på bakken.

Isfjell og fjell i skjønn forening



Kyrkja i Nanortalik


Nanortalik er den sørlegaste bygda på Grønland. Her fekk vi bu i eit lite grønlandsk hus som ei kvinne ved namn Mathilde hadde budd i. Etter at ho gjekk bort, tok turistforeininga over huset og brukte det som vandrarheim. Det var godt vedlikehalde, og der var gjort få forandringar sidan ho budde der. Huset låg inne på eit museumsområde ved den gamle hamna. Her var vi midt i det grønlandske landskapet, og gjennom dei småruta vindauga hadde vi utsyn mot isfjella, leikande kval og mot dei vakraste solnedgangane ein kan førestille seg.
Det var også her vi tok "jentespranget" og bada i sjøen med isfjell som bakgrunnsmotiv! (Jau, vi har det på bilde det og!)

Vakre blomar i solskin


MØTE MED EIN INUITT

Det var her vi trefte Jakob.
Han var ein ekte inuitt som gav oss eit varmt møte med det grønlandske mennesket. Han fortalde oss at han lever frå dag til dag. Når han vaknar om morgonen ser han opp mot fjella og ventar audmjukt på kva dagen vil bringe. "Man skal ikke takke så meget", sa han då vi ved eit høve takka han for hjelpa, "man skal tenke på hvordan man kan hjelpe hverandre".
Han baud oss med på fisketur noko vi spøkte bort i første omgang då han snakka om å ta med sovepose. Vi såg ikkje heilt for oss at vi skulle dra til ukjent farvatn med ein inuitt vi nettopp hadde møtt.

Neste morgon banka det på, og vår kjære Jakob kom inn. Det var som å gå tilbake i historia då han stod i døra på det vesle grønlandske huset.
Den småvokste mannen med den lange grå fletta nedetter ryggen, passa akkurat inn i døropninga der vi andre måtte bøye oss . "Hvordan blir det så", sa han, "blir dere med? "
Der og då slo det oss at vi hadde møtt vår første kulturkollisjon! Han hadde meint alvor med invitasjonen, det var grønlandsk høflegheit å invitere oss, og vi hadde ikkje forstått det. - Og sjølvsagt har ein sovepose med, ein kan aldri vite om veret tillet ein å kome seg heim same dagen når ein er på Grønland!

Morgonen etter dukka Jakob opp på benken nedanfor huset vårt i lag med ei grønlandsk kvinne. Dei kunne fortelje at dei båe hadde vakse opp her i nærmiljøet, og at dette var staden der dei frå dei var små brukte å sitte og sjå på kvalane som leika i fjorden.
Denne kontakten med urmennesket gledde oss mykje. Vi tok difor med glede imot invitasjonen heim til denne kvinna på "kaffemikk" som dei kallar det der.
Ho fortalde stolt at ho hadde "brusebad" (dusj) i huset sitt, og baud oss å låne den om vi ønska det. Endå eit møte med den grønlandsk gjestfriheita!

Dei to venene våre fortalde at danskane har teke over det som gjev leveveg for grønlendarane. Dei innfødde får ikkje lenger levere fangsten sin, så dei er avhengig av å selje sjølve eller å få seg jobb innan det offentlege danske systemet. Dette er ein del av det uheldige med den moderne påverknaden.

Alkoholproblemet er eit anna problem. I Nanortallik er det sett opp skilt med forbod mot inntak av alkohol innanfor eit område på 100 m. frå butikkane. Det er nok ein grunn til at dei har gått til det steget.

Kontrastar


Vakker utsikt frå fjellet

Grønland er prega av kontrastar. Her møtest sommar og vinter, lys og mørke. Det grøne sør og det golde nord.
Sommaren er kort og intens, vårløysing og midtsommar er unnagjort på nokre få korte månader. Frå drivisen slepper taket langs landet til den igjen stengjer for kommunikasjonen går det berre ca. tre mnd. Sommarsesongen på sydgrønland varer frå ca. juni til september.
I denne perioden veks smørblomane opptil 60 – 70 cm. høge. Dei er kraftig gule og dekkjer store område.


Gule blomemarkar, lilla geiterams, som forresten er Grønland sin nasjonalblomst, knall blå fjord med kvite majestetiske isfjell under ein klar blå himmel.
Det er berre eventyrleg!


Når eg ser tilbake på dei to turane mine til Grønland så ser eg at det er to ulike historier, men med likt scenelandskap. Turen i sommar utvida scenelandskapet for meg og gav rom for eit nytt og større innhald. På den måten vart eg rikare som menneske.
         Takk for at eg fekk dele opplevingane mine med deg!



lørdag 5. september 2009

Eit fantastisk feriealternativ

Vi har kjøpt oss ein  andel i anlegget til Bjørn Lyng på Gran Canaria, Anfi del Mar. Vi har no vore der ved fleire høve, og blitt godt kjende. Vi er svært glade for å ha valgt dette feriealternativet.
Born og vaksne gled seg til kvar gong vi skal dit. I sommar reiste alle våre barn og barnebarn dit og var der i 2 veker. I november reiser vi gamlingane ned i 2 veker for å "varme oss litt" før jul.

Mallorca - absolutt verd eit besøk.

Kvifor ikkje ta ein chartertur av og til? Når vi går på flyet på Vigra med hyggeleg reisefølge så vert dette ei fin avveksling ei veke i mai.

Barcelona - Spania

Eg las boka "Havets katedral". Handlinga er frå 1300-talet i Barcelona, og handlar om den tids makt og undertrykking, krig og pengar. Det heile var knytt opp mot bygginga av kyrkja Santa Maria Del Mar. Boka er absolutt leseverdig, og innhaldet fengde meg i den grad at eg måtte reise for å finne kyrkja.
Det var ei sterk oppleving då vi fann den, og at vi til og med fekk høve til å oververe messe der på søndagen.


Namnet på veggen




Inngangspartiet på baksida



                                                                  Inne i kyrkja         

Å gå i gamlebyen i Barcelona var som ei vandring i eit museum der vi kunne kjenne atmosfæren frå oldtida sitje i dei uttrakka steinhellene i dei smale gatene.
Dei dagane vi var der, 5 tilsaman, tok vi også rundturar med buss. Vi gjekk av i Gaudiparken og ved kyrkja La Sagrada Familia. Den er som kjent under bygging, og har vore det gjennom dei siste 100 åra. Både kyrkja og Gaudiparken er ei fantastisk samling av kunstverk skapt av den kjende kunstnaren Gaudi.



Snitt av Gaudikyrkja


Skulptur utanfor Gaudikyrkja


Motiv frå Gaudiparken


Byen er absolutt verd eit besøk, og gjerne verd å reise attende til.

Berlin - ein trygg og vakker by

Litteraturgruppa vår las boka "En kvinne i Berlin" (Forfattar ukjend). Vi fekk lyst til å reise dit og finne Berlinerstrasse der hendinga foregjekk. Vi booka oss inn på Propeller hotell. Det vart litt av ei overrasking. På det hotellet er alle rom utforma av ein kunstnar som har gjort dei heilt spesielle. Vi valde roma: "den flygande senga", og "opp-ned-romet". Å bu der må berre opplevast, men ei natt hadde vore nok. Vi låg der i 3 netter.
Opp-ned-romet med senga oppreidd i taket.


                                                                  Møblane hang i taket.


Berlinerstrasse fann vi, men i følge drosjesjåføren så er der mange gater som heiter det i Berlin. Vi valde den eine, og bestemte oss for at det var den rette :-)

Vi besøkte Berlineroperaen og hadde ei 5 timars operaoppleving på fremste benk

 
Berlin er ein by eg gjerne vitjar igjen.

Kina - eit land og eit folk å bli glad i.

Ved to høve har eg vitja Kina. Første gong ei veke i Beijing. Andre gongen hadde vi to veker til rådvelde og drog på rundtur i deler av landet. Begge gongane deltok eg på Møre Folkehøgskule sine kulturreiser med den fantastiske guiden Sumin som reiseleiar. Ho er sjølv frå Kina, snakkar norsk, og er eit levande leksikon. Ho er ein driven reiseleiar som gjorde heile reisa til ei einaste stor oppleving. Absolutt å anbefale.





fredag 4. september 2009

Tur til Estland og Latvia 2009

ØRSTA OG VOLDA FOLKEDANSLAG PÅ FESTIVAL I BALTIKUM

Ørsta og Volda Folkedanslag gjorde avtale med Sogn Reiseformidling i Balestrand om å lage ein tematur knytt opp mot folklorefestivalen i Riga. Det vart ein busstur på 12 dagar.
Sogningane stilte med både ein kunnskapsrik guide, Rasmus Sunde, ein dyktig spelemann, Odd Hagen, og ein framifrå bussjåfør, Vidar Grepstad.
I tillegg til vår gruppe var der med dansarar frå Sogn og Fjordane på turen.

Stopp i Sverige
Vi hadde første overnattinga på Gustav Frøding Hotell i Karlstad. Sidan vi ikkje hadde dansa til den medbrakte spelemannen sin musikk før, så nytta vi høvet til å øve inn eit danseprogram for framsyning. Danseleiaren vår, Åshild Liaskar tok hand om opplegget i lag med den dyktige trekkspelaren. I planen vart det lagt inn 3 utandørs danseframsyningar.

Før vi forlet Karlstad hadde vi eit stopp ved fredsmonumentet på Stora Torget. Statuen der er reist til minne om den fredelege unionsoppløysinga mellom Norge og Sverige i 1905. På fundamentet kan vi lese følgjande tankevekkjande ord: ”Fejd føder folkhat. Fred fræmjar folkforståelse”.



Neste stopp på turen var Stockholm. Her vart det god tid til å rusle i gamlebyen og kjøpe seg ein lunsj for den som ville før vi gjekk om bord i den luksuriøse ferja ”Victoria” med Tallinn som mål.

Songfestival
Tallinn er hovudstaden i Estland med om lag 400 000 innbyggjarar. Ein norsktalande guide, Eva Turk synte oss byen og fortalde levande om landet si historie.
Kvart 5. år har Estland ein songkonsert på den store songfestivalplassen Lauluvaljak i Tallinn. Dette er ein Baltisk tradisjon som starta i Estland i 1865. Om lag 30 000 songarar står saman på ei kjempestor scene og syng for opp til 100 000 tilhøyrarar. Det var ved slike arrangement at historia om den syngande revolusjon i 1988 – 1990 starta og medverka til at Estland reiv seg laus frå Sovjetunionen. Guiden vår som sjølv hadde opplevd alt dette fortalde levande og gripande til oss.
Denne konserten fekk vi ta del i, og det vart ei ugløymeleg oppleving for oss.



Danseframsyning
Etter Tallinn gjekk turen til Tartu. Dette er universitetsbyen og den kulturelle hovudstaden i Estland med omlag 100 000 innbyggjarar. Her hadde vi vår første danseframsyning ute på rådhusplassen. Det vart noko underleg å oppleve at folk kom og la ned pengar framom spelemannen medan han spelte til dansen. Det var tydeleg at folk sette pris på det vi formidla av vår kultur.


Den neste danseframsyninga vår som skulle vere i den vakre historiske byen Cesis i Latvia, regna bokstaveleg talt bort. Det var uråd å danse ute som planlagt fordi ”alle himmelens sluser opna seg”.
Den siste planlagde framsyninga var på det spesielle restaurantkomplekset Lido i Riga. Her var det fint å danse, og mykje folk var der og såg på.

Folklorefestivalen
I Riga hadde vi 3 dagar til rådvelde, og fekk tid til å bli kjende i byen. Vi fekk oppleve ein fantastisk folklorefestival. Eit opptog som varte så lenge at føtene trøytna medan vi stod og såg. Det må ha vore ti-tusenvis av deltakarar som gjekk i tog. Flotte og fargerike folkedrakter, handsydde eller vevne faner med dei vakraste motiv, blomekransar på hovudet til kvinnene og blomebukettar i hendene. Det var tydeleg at her låg det mykje arbeid bak førebuingane, og det var ingen tvil om at denne tradisjonen er ei viktig markering for det latviske folket. Vi merka oss at kvinnene dominerte i stor grad i opptoget og i framsayningane dei hadde. Kvinnene merka seg også ut når det gjaldt husflidsprodukt av ulike slag som var til sals på dei talrike salsbodene på festivalområdet.

                                                                 Kvinner i lokale drakter 

Måltida på turen
Reiseleiaren hadde valgt ut spesielle stader for måltid under turen. Der var mange utsøkte og varierte rettar serverte med tradisjonar frå landa vi vitja. Dette vart mest som ei eiga reise innan matkultur.



Bussturen
Ein kan tenkje at det vart ein noko lang busstur frå Ørsta til Baltikum tur/retur, og det var det sjølvsagt. Men reiseleiaren Rasmus Sunde orienterte om historien til dei ulike stadane vi reiste gjennom på ein svært interessant måte. I tillegg hadde vi musikaren vår som tok fram trekkspelet og underheldt med dei flottaste ballader. Han var ein stemningsskapar av dei sjeldne, så trivselsfaktoren var høg om bord i bussen.

Vi takkar audmjukt Sogn Reiseformidling for ein flott og innhaldsrik tur. Vi sit att med mange flotte minner og mykje ny kunnskap takka vere eit godt program og god og interessant informasjon.

Turid Karlsbakk

Frå far min sine dagbøker om livet på Grønland

                                                                           Kvitrev

Velkomen til å dele nokre fleire opplevingar gjennom dagboknotatane til far min.
Eg har plukka litt frå dagar der noko hende. Dei fleste dagane var like. Det handla mest om veropplysningar, fangst, om skuffelsar over øydelagde revefeller på grunn av bjørnens herjingar, om kulde og storm, i det store og heile om å overleve.

"Alltid på vakt, alltid på jakt" uttrykte far. Dei levde blant villdyr og i naturkrefter der dette nok var eit viktig motto.
Dei to første åra han overvintra var han først i området Claveringsøya og bygde så ut terrenget nordover til Pendeløya. Dei hadde små bistasjonar mellom hovudstasjonane med plass til ein mann. Her hadde dei mat og moskusskinn til overnatting. Det var ein dagsmarsj mellom bistasjonane, og ca. 7 mil mellom hovudstasjonane. Det seier seg sjølv at med så lang veg til næraste nabo så var det ikkje ofte dei besøkte kvarandre.

Fangst og strabaser:

Det var fangst på rev og bjørn som var det hovudsaklege. Det gjekk opp og ned med fangsten dei vart nok ikkje så rike som dei hadde drøymt om før dei reiste over. Dei fanga først levande rev som dei hadde i bur til pelsen vart fin. Sidan gjekk dei over til feller som tok livet av reven. For bjørn sette dei opp sjølvskot i tillegg til at dei jakta på han. Dei hadde mykje plage med bjørn som øydela revefellene og åt opp åtet. Ein gong far hadde sett seg lei på at bjørnen systematisk øydela revefellene over eit stort område, gjekk han ut for å ta han. Han fekk lokalisert to bjørnar, og han fekk skyte den eine. Han trudde den andre stakk av, og då han skulle sjå etter den oppe på ein iskoss, kom bjørnen imot han med det same. Han reiste seg på bakføtene klar til angrep. Far sette geværet under haka på han og skaut. Det var då far min uttalte: "Han var nok like redd han som eg!"

Tirsdag 6. desember 1927
"12 gr. minus. Snestorm igjen. Det er å sitte rolig innendørs i sånt veir. Vi har nogen revesaxer oppunder fjellfoten, og i en pause i uveiret skulde jeg prøve å kikke på sakerne. Men det skulde jeg ikke ha gjort, for da jeg var på vei ned igjen så kom ragnarokk igjen og tok mig. Jeg så ikke mig selv lenger enn til beltet, og langt mindre jorden jeg stod på. Jeg forsøkte å vere rolig og gå rett på huset som jeg så før det braket løs, og jeg var så heldig at jeg gikk rett på. Men som en blind mann så jeg ikke huset før jeg gikk rett på det. Den mannen som går vill en sånn dag, kan lese sitt fadervår og la humlen skure, for han kommer ikke i hus levende".
Karane bygde opp ein ny hovudstasjon på Sabineøya, og i februar skulle dei nytte sjøvegen og isen til å køyre lasset nordover.

                                                  Far min, Jonas Karlsbakk med fiskefangst
Mandag 13. februar 1928.

"Vindstille 30 grader minus. Andresen kom hit i dag kl. halv seks i morges. Vi drakk kaffe og lesset på sledene, og så bar det i vei nordover. Det var bra is til å begynde med, men snart skulle det vise sig at vi fikk ikke gå på roser denne tur heller, vi traff skruis og vanskeligheter. Da den ene slede gikk i knas, måtte vi lesse alt over på den andre.. Det blev da også for tungt for den is vi skulle forsere, det var som vi gikk gjennom en stenur, men frem gikk det da, alle drog av alle krefter, men snart gikk beslaget under sleden, og nu blev det dobbelt tungt. Vi var nu kommet omtrent halvveis, og det var like langt tilbake, derfor fortsatte vi like godt. Vi slæpte i vei så svetten randt, men plutselig merket vi at isen svigtet under våre føtter, og vi så da at vi var langt ute på ny is. Vi drog nu på alt hva vi orket for å få fart på sleden, og gikk så spredst som mulig for at fordele tyngden på mest mulig is, men likevel brast isen for sleden min. Jeg sprang og skjøv på, og ene foten gjikk gjennom isen, men jeg var så snar at komme ut til siden at jeg gjikk ikke gjennom, og det var heldig, for det kunne få skremmende følger i denne kulda og på en øde isørken og mange mil fra hus. Vi kom da inn på sterkere is og fikk puste ut og holde råd. Vi besluttet nå å gå mer forsiktig da det viste skifte i issorten, og vi hadde ikke gått svært langt før vi traff en annen sort is igjen. Vi gjikk da frem og undersøkte, og det viste sig at isen var svak så vi kunne hugge kniven igjennom med ett hugg. Der stod vi, nesten fremme, men dog avsporet, og med tungt hjerte måtte vi vende om. Vi satte nu kursen mot land, og drog sleden over land til vi kom forbi den svake isen, men nu var det også blitt mørkt så at komme tilbake gjennom skruisen det var en ren umulighet, thi det hadde vi nok med at forsere i dagslys. Vi bestemte oss nu for at overnatte i sneen. Vi gjikk tilbake en time, gjikk så på land og grov oss en hule i sneen og krabbet inn, tok med mat og en primus, så smeltet vi sne og spiste stivfrosset brødskiver verre enn straffanger. Vi lot primusen suse og murte igjen inngangen og så forsøkte vi at få hvile. Vi slumret nu og da, men frøs så det var farlig å sovne, for man kan tenke sig våre klær når vi kom i sådant hus, våte og svette og i minus 30 gr. C. Ja klærne var som flatbrød like til skinnet. Huttetu for en natt og som den sneglet sig frem. Men heldigvis så er vi ikke helt fri for humør tross alt, og natten tok da også ende".

Eg har merka meg at uansett kva karane opplevde så var der alltid ein optimistisk tone. Dette var nok også nødvendig for å halde ut. Dersom dei gav opp så var dei ferdige.

                                                                          Fangsthytte
Tirsdag 25. september 1928.

"Svak, vest, temp. 3 gr. minus. Vi ordnet oss i dag for at gå til Falkeredet med utstyr til terreng og hus, men vi kom ikke mer enn halvveis så fikk vi storm fra nord og så lagde vi i land utstyret der hvor vi var og vendte om. Vi får nu antagelig slute med båt og da må vi vente til isen ligger før vi får kjøre utstyret ut i husene og ordne terrenget. Da vi kom halvveis blev vinden så sterk at da vi skulde runde en ny isfloke, så greide vi ikke at komme til land igjen for vårt bare liv, skjønt vi kjørte motoren med det den kunne tåle. (…) Og så satt vi der med en oljeboks og sprøytet olje nedetter brekningene, og lykken var at vi hadde land i læ, og slik kom vi oss dog helskindet men våte i land. Vi har heldigvis hus også på den siden av fjorden, og dit gikk vi da vi hadde fortøiet båten og der spiste vi og varmet oss. Men da vinden løiet senere på kveld og vi gjerne ville komme over igjen hvor vi hadde revene i gjerde, så la vi i vei igjen. Men nu var det en anden hindring igjen. Stormen hadde pakket så meget is ind til land hvor båten lå at vi kom ikke ut heller. Da vinden blev stille frøs all issørpen sammen så vi til sist lå dørgende fast. Men vi fandt da til sist et smutthull hvor vi med øksen banet oss vei og kom i land igjen og så tilbake til huset vårt og overnattet der".

Til slutt i denne sekvensen vil eg ta med notat frå då far skaut ei isbjørnbinne med to ungar. Denne historien er referert i ei av bøkene til John Gjæver.

"Mandag 22. april 1929.

Frisk nord bris. Termo. 20 gr. minus. Jeg var i dag på Pendeløen og der traff jeg en bjørn med to små unger. Jeg skjøt da gamlebjørnen og så fanget jeg ungene levende og så kjørte jeg direkte hjem med dem og nu er vi gode "busser". De ligger nu og sover i en køi. (…)

Tirsdag 23. april 1929.

"Jeg er nu barnepike og amme for bjørneungene. Det er fælt til skrål stundom, de minnes vel og savner moderen. Stakkars pusekatter, men vi er gode venner og de spiser og drikker av min hånd".

Bjørnungane vart verande i hytta så lenge skinnet til mora var der, men då det vart fjerna tok dei til å forsvare seg, og far måtte bygge bur til dei. Det høyrer med til historia at bjørnane vart med levande tilbake til Norge, og sidan sende til ein dyrehage i Danmark.

Ei anneksjonstavle i Antarktichamn.



Opplevingar frå turen min til Grønland i 1990.

Søstra mi Jona og eg hadde felles interesser i å oppsøke dei områda som far vår fortalde så mykje om, og som han var så nær knytt til.

Desse var med meg på turen:
Ragnar Thorseth, reder/skipper
Audun Gården, styrmann/islos, maskinist + "alt mulegmann" - kunne det meste!.
Eirik Thorseth (17 år), matros, "alt mulegmann" – hadde oversikt med det meste!
Petter Sandvik, journalist frå Sunnmørsposten.
Svein Roger Iversen, filmfotograf frå Berge Film Molde.
Arne Narud, passasjer med erfaring frå seilasar, m.a. i Caribien.
Rolf Rørvik, passasjer, særleg interesse for Grønland og Grønlandssaka.
Henrik Landmark, passasjer. Opphavsmann for Ishavsmuseet på Brandal.
Jona Torske, dotter av Jonas Karlsbakk. Ho var 6 år då han drog til Grønland første gong.

Overfarten.

Onsdag den 1. august vart ein spanande dag. Då la vi i veg mot ukjent farvatn om bord i "Havella" (57 fot). Vi var 10 personar, meir og mindre ukjende for kvarandre.
Den første "ismuren" vart broten då Jona kvad i med: "Hvem kan segla forutan vind…"
Det var elles ikkje lenge vi var utan vind. Det bles opp over Norskehavet, så på dei fire dagane vi brukte til Jan Mayen rivna både storsegl og messan. Vi fall ut av sengane og kjølvatn kom inn i senga til den eine av karane.
Etter denne økta var det godt å bli bedne inn på stasjonen til kaffe og kaker.
Jan Mayen var dekt av tåke då vi nærma oss øya, slik den er 360 dagar i året. Før vi gjekk i land hadde tåka letta mykje, og då vi forlet øya var det klarver. Vi var såleis svært heldige med veret der.
Dette vart det første møtet med far sine dagboknotat om tåke og om fjell som liknar på gull i solskinet.



Etter havblikk og midnattsol på ferda frå Jan Mayen, møtte vi etter eit døgn ismuren i alla sin velde.
Denne muren baud på stor spaning for to kvinner som på alle måtar var urøynde med havet. Vi hadde lese om skuter som vart nedskrudde i isen, eller vart liggande og drive innestengde i vekesvis.

Ein sel på isen

Etter 7 – 8 timar skimta vi raudleitte fjell i det fjerne. Dette var Grønland!!



Før vi nådde fram hadde vi motorstopp tre gonger. Men Audun var ein trygg og dyktig maskinist, så han fiksa det kvar gong. Når eg veit at også "Hird" hadde motorstopp tre gonger på veg over, så vart dette noko som passa godt inn!
Eg skreiv eigne dagboknotat frå turen, og eg vil referere frå dei:

Tirsdag den 7. august.
Eg vakna kl. 07.30 av dunking under skuta, så her er tydelegvis fleire ishindringar. Dei grønlandske fjella ligg bada i sol. Vi er på 73 grader N, temp. + 5 gr. C. Vi dreg nordover langs kysten i verdas finaste ver: blå himmel, sol, isfjell, isflak, pakkis, open is. Vi solar oss på dekk og drikk pils og kaffe alt etter ynskje.
Langs med landet ser vi havisen mot horisonten, og etter som sola vert lavare opplever vi hildringar frå isen som ser ut som storbyar.


Vi gjekk i land på Sabineøya, same plassen som "Hird" landa først. Det var ei sterk kjensle å sette beina på grønlandsk jord for første gong. Vi fann tufter etter ei hytte, med ein norsk Jøtul omn. Eg veit at far heldt til her, så dette var andre gongen vi fann att noko av det vi hadde lese.
Same kvelden besøkte vi Kvalrossøya og gjekk tur til varden der. Medan vi stod der stemte vi alle i kor:"Å eg veit meg eit land langt der oppe mot nord…" Det var midt på natta og sola skein, samstundes som vi såg månen bak eit stort isfjell som flaut i fjorden.

På leiting etter "Hird".

Vi visste at båten låg ved Finch øyane, og vi hadde eit bilete som viste fjellformasjonar.
Ut frå dette greidde vi å finne staden, og det var ei sterk oppleving då vi oppdaga spant og kjøl på eit par meters djupne. Vi fann steinen som hadde rasa ut, og vi fann den avslitne waieren som båten var festa i før den forliste. Eirik fann fram dykkerutstyr, og medan sola dala i vest dykka han i det kalde vatnet og henta opp eit par ting som vi fekk med oss som minne. Jona uttalte etter dette: "Berre denne dagen var verd det turen kosta oss".


Under denne fjellknausen på Finchøyane fann vi vraket av båten.

 Fjordar og fjell.

Naturopplevingane på Grønland er mektige. Dei gjer noko med ein slik at ein aldri vert den same meir. Dette har eg kjent, og dette har eg høyrt frå andre som har vore der.
Fjella har fargar i lilla og raudt, lufta er så rein og klår at avstander vert umogeleg å måle med augene, isfjell og blåe fjordar gjer det heile til eit under.
















Antarktichamna.

Siste hytta vi besøkte heitte "Karlsbak". Her fann vi far si skrift på veggen der det stod:
"Dette hus med terreng eies av Møre Grønlands ekspedisjon Ålesund. Huset er bygget av Åmbak og Karlsbak den 15/8 – 1930 og samtidig er terrenget annektert.
Jonas Karlsbak leder av Møre Grønlandsekspedisjon."



Far hadde eit stort ynskje før han døydde i 1970, og det var å få kome attende til Grønland. Han fekk aldri høve til det, men vi fekk kjensla av å få fullføre dette for han. Vi veit at han hadde sett umåteleg stor pris på at vi tok denne turen, og no forstår eg kvifor han alltid hadde så mykje å fortelje om frå dette landet. Berre synd at eg var for ung medan han levde til å ha den rette interessa. Kanskje er det difor eg er så sterkt knytt til landet no?



Hytta Karlsbak i Antarktichamn. Denne er no borte. Den vart teken av eit stort snøras. Der er no sett opp ei lita minnetavle på grunn av at Helge Ingstad brukte denne hytta då han var sysselmann på Grønland i 1932.
Men namnet til dei som bygde hytta er ikkje skrive på den tavla. Det tykkjer eg er synd.


Til slutt i dagboka til far har han skrive fylgjande vers:

"Når mitt øie er lukt, og min ånd er på flukt,
og mitt legeme lagt på en båre,
vil du huske mig da, vil du minnes mig da,
vil du væte min grav med en tåre?"

.

I min far sine fotspor til Grønland Del 1

GRØNLAND

Landet der fjella er raude og naturkreftene har råderetten




Etter at eg vart godt vaksen har eg fått ei sterk interesse for Grønland. Grunnen til det er at far min, Jonas Karlsbakk, hadde tre år med overvintring der borte.

Jonas Karlsbakk var fødd den 11.11.1895 i Mauseidvåg. I 1927 drog han første gong over til nord-aust Grønland for å jakte på rev og isbjørn. Det var med optimisme dei drog avstad, og eg trur at dei måtte ha ein særs god psykisk styrke for i det heile å legge i veg på ein slik tur.

Etter å ha lese dagbøkene som han skreiv medan han var der, og fått innblikk i det livet dei levde der, kan eg trygt sei at eg har fått stor respekt for den personen han var. Eg er stolt av å vere dotter hans!

Med dette kom også interessa og nyfikna etter å sjå nærare på landet.

Det førte til at eg sommaren 1990 reiste over havet med »M/S Havella» på 57 fot i lag med eventyraren Ragnar Thorset og eit mannskap på tils. 10 personar. Vi gjekk nøyaktig same ruta, både for å gjenoppleve turen til dei seks fangstmennene, og for om mogeleg å finne spor etter det dei hadde bygt opp der borte.

                                                           Havella i sitt rette miljø

Gjennom fire innlegg skal eg fortelje om litt av det far min opplevde og litt av det eg sjølv opplevde på turen.

I dag vil eg presentere litt frå far sine dagbøker, og vel då å fortelje om overfarta og om då båten deira forliste i stormen.
Eg tek med dei deler av notata som er relevante her, og set parantesar for å markere der eg hoppar over.
Overfarten.
»Med M/B »Hird» av Mauseidvåg går vi i dag den 13. juli kl. 12 natt fra Ålesund til Grønland for overvintring (…) Vi er seks mann om bord som alle har felles interesse og higer mot det samme mål og består av følgende personer: August Hansen, Peder Sulebak, Herman Andresen, Jørgen Furnes, Peder Røbekk og Jonas Karlsbakk».

Farvel o moder Noreg nu reiser eg fra dig,
Hav takk fordi du kaver og har oppfostret mig.
Du blev for knapp med kosten imot din fiskerflokk,
Du finner oss på Grønland der får vi mer enn nok.

Søndag den 17. juli:
Fremdeles frisk vind som dreier seg mer og mer mot nord, så det er nu knapt om vi ligger i kurs. (…) Vi fylte et fat olje og det var en vanskelig jobb da dekket stadig lå under vann, men det gikk bra.


Tirsdag 19. juli:
Kl. 2 natt gjør vi et stopp i maskinen da loggen viser 590 n.m. og tåken er tykk som en mur. Vi lå still til kl. 3 em. Da skodden fortyntes litt og plutselig lyder fra tønnen: »Land om styrbord!» Det er Jan Mayen vi ligger ved, en ti – 15 m. fra land. (…..)


Vi blir godt modtaget av folket på stasjonen. (….) Vi sendte telegram til Noreg, en hilsen over havet. Vi hadde det svært koselig på Jan, det er sikkert, og prektige karer var det alle samman, med sannhet en oase midt i ørkenen.»

Dei kom vel fram til Grønland, og dei sette i første omgang opp tre hovudstasjonar med 7 mil mellom kvar. Vidare laga dei små bistasjonar ca. ein dagsmarsj imellom som dei hadde til å søkje ly i når dei trong kvile eller ly for veret.

Stormen.

I slutten av august fekk dei eit forferdeleg uver som førte til at skuta deira som dei hadde lagt i ei trygg vinterhamn forliste. Her fylgjer nokre utdrag frå den opplevinga. Det blir for mykje å skrive alt, difor tek eg ut berre litt.

Søndag 28. august:
»Storm øker til orkan så det er som å være i en heksegryte. Temp. 0 grader. Voldsomt regn og svær sjø som bryter nesten opp til huset. Vi måtte drage båten til huset for sjøen feier med seg alt på sin reis, liketil sandbakken nedenfor huset svinder faretruende ind og brenningane nermer seg døren enda huset står 100 m. fra sjøen. Det er riktig uhyggelig slike dager, regnet piskes av stormen ind mellom pappskøytene så vi har en del takdrypp. Men intet har tatt skade som vi vet ennu.»


Mandag 29. august:
»Stille efter stormen. (…) Sulabakk og Furnes har i dag vert i terrenget, men der så ille ut. Det var som om et vilt dyr hadde gået berserkergang over hele terrenget og omtrent alle våre feller hadde gåt i hundene. Noen var knust og noen var helt vekk, så nå er vi temmelig svekket i fangsten. Men vi har da ennu litt matrial så vi får friske opp igjen. Det går fremdeles en svær sjø inn, så det er umulig at komme ut med båt. Ja, det var i sannhet en fæl utsendelse som ikkje har været på Grønland iallfall de siste 100 år. Det viser seg at sjøen har gået helt opp i eskimogammene og vasket dem ut, og store deler med gressgrodd mark som aldri har gået sjø på siden syndefloden. Men nu er det undergravd av sjøen og raset ut i havet så det er nesten umulig å kjenne landet igjen.»

Neste dag drog karane for å sjå til båten som dei hadde ankra opp for vinteren ved Finchøyane, og det var eit trist syn som møtte dei:

                                                        "Hird" etter forliset ved Finchøyane


Tirsdag 30. august:
»(…) »Hird» lå i fjæren aldeles vrak, den lå på siden med mastrene ut på sjøen og omtrent helt flat. Babord kjetting var brekket i klipset. Styrbord kjetting var der men slakk, og om ankeret var der vet vi ikkje, da veiret var så dårlig at vi fikk ikkje undersøke det.


Vaieren fra styrbords slange hadde rippet hele fjellknausen som den var festet til ut i havet (osv.)


Det er trist at se vårt fartøy i en slik forfatning, den som skulde føre oss hjem til Noreg. Men vi har gjort alt på beste måte, og da er det intet at bebreide seg for som det nu er fatt.»

Dei visste at dette var ei god hamn, og uttalte at i ein slik orkan ville den ha forlist sjølv om den stod langt på land.
Dermed var dei skutelause, og det førte til at planane om eit år vart til to.

Det som går att heile vegen i dagbøkene, er den totale optimismen som de hadde. Same kva dei møtte av motgang så såg dei framover og leita etter utvegar.

I neste skriv skal eg presentere nokre av opplevingane dei hadde med fangst og gjennom ulike møte med naturen.

Helsing Turid.