søndag 29. november 2009

Anfi del Mar september 2009


Så har vi vore der igjen....ferieparadiset vårt på Gran Canaria. To veker med sol og varme, bading og fjellturar, god mat og drikke frå dag ein. Vi er svært glade for at vi har høve til å reise til denne flotte staden og "fylle på" oss sjølve med opplevingar og vitaminer før vinteren set inn for alvor.
Mange meiner at "Time share" er bortkasta pengar, at ein kan reise på mange charterturar for prisen vi må betale for å kjøpe  oss inn i dette. Javel, det er sikkert rett det. Men vi har valgt dette fordi vi likar den luxusen som er der. Vi kjenner på at vi eig dette, og vi føler oss heime når vi kjem dit. Leilegheitene er velutstyrte med vaskemaskin, tørketrommel, oppvaskmaskin og elles alt som høyrer til for å bu lettvint. Det vi ikkje ynskjer å gjere sjølv av rydding o l gjer vaskehjelpa for oss. Vi vel frå dag til dag om vi vil lage maten sjølv, eller om vi vil velje mellom dei mange ulike matstadane som finst.

Området er bilfritt, og der er godt vakthald kring  
området heile døgnet. Vi brukar nøkkelkort for å
kome oss inn gjennom portane og dørene.


                    
På biletet ser vi ein av portane med vakta.









Desse kaktusane vert vel i største laget for stovevindauget heime?


    




Reint og velstelt over alt


Turar



Det er mange fine alternativ til turar ein kan gå i området. Ein fin tur er den mellom 2 - 3 timar lange turen til den norske palmelunden. Her møter vi mange andre norske som går tur, og vi kjenner oss mest som i same familie når vi sit og et nista vår på denne fine oasen midt i det elles tørre landskapet i fjellområdet.









"Porten" inn til Norskeplassen



                                            
                                           Ein sosial møtestad ved dei "norske" palmene





Eit kortare alternativ er å gå opp på fjellet ovanfor Anfi. Omlag 1/2 time til toppen. Flott utsikt utover havet.

Ein kan gå tur langs strandpromenaden til Arguineguin, eller vi kan gå fjellvegen til Puerto Rico. Vi kjøper oss ein lett lunsj og ei pils eller ein Sangria før vi tek taxi tilbake.



Utsikt frå fjellet mot anlegget Anfi del Mar.




Båttur til Puerto de Mogan




Dette må vel vere ein av dei vakraste
stadene i dette området. Blomerankane
over portalane i gatene talar sitt eige språk.                                              
















Takk for denne gongen!

mandag 26. oktober 2009

ØRSTA HUSMORLAG Eit attersyn 1925 - 2005


Endeleg ligg produktet her. Fiks ferdig. Å skrive eit attersyn på Ørsta Husmorlag sine arbeidsoppgåver gjennom 80 år har vore eit interessant, men tidkrevjande prosjekt. Den siste tida, etter at alt var ferdig og sendt til trykking har eg opplevd ventinga som eit svangerskap. Ei venting i spenning på korleis "barnet" ville sjå ut, og om det vart levedyktig.
No ligg det her framføre meg. Så velskapt og fint. Akkurat som eg ønska det skulle vere.
Så no skal det marknadsførast og seljast. Kr. 100 pr eksemplar. Ei julegåve til dei som har hatt eit forhold til Ørsta Husmorlag på eit eller anna vis. Ei mor som var med, ein har sjølv gått på arbeidsstova i barndomen, eller om ein på anna vis er nysjerrig på kva laget har drive med i alle dei 80 åra det har vore i gang. Og det er mykje, det skal eg helse og seie. Les i heftet og bli imponert!




                                             ØRSTA HUSMORLAG
                                                                 Eit attersyn

                                                                1925 - 2005


Føreord

Då eg vart spurd om å skrive eit attersyn over Ørsta Husmorlag si verksemd, tykte eg det var eit interessant prosjekt.

Det var litt vanskeleg å vite korleis eg skulle lage dette dokumentet, til dømes: Kva skulle takast med? Kor nøyaktig skulle ein vere i forhold til detaljer om årstal og andre konkrete ting?

Eg har hatt nokre møte i lag med dei medlemene som var med i laget heilt til slutt. Dei har fortalt og supplert i tillegg til det skrivne kjeldestoffet. Dei har òg uttrykt korleis dei meiner dette attersynet skal framstillast.

Gjennom samtalane kom vi til at dette ikkje skal vere eit attersyn der alle data og detaljer nødvendigvis er med. Vi vil skrive noko som folk flest kan vere interesserte i å lese, og vi meiner at det viktigaste er å få presentere det arbeidet som har vore nedlagt og det som Husmorlaget har stått for både lokalt og sentralt.

Vi har bestemt oss for at det ikkje skal trekkast fram namn, då det vil bli vanskelig å gjere dette på ein rettferdig måte i eit slikt skrift. Gjennom over 80 år har svært mange gjort ein viktig innsats, og ved å nemne namn kan ein lett kome i skade for at einkvan vert utegløymd. Eg har i staden valt å leggje til som vedlegg til dette jubileumsattersynet ein oversikt over alle styremedlemene frå 1925 til 2005.

Nokre få må likevel nemnast. Det er dei som var med å starte laget, og så er der nokre som har vore “stabbesteinane” i drifta av laget og som òg er verd å bli nemnde.

Eg har valt å bruke årsmeldingane som informasjonskjelder. Der står grundig nedskrive alt som har vore gjort kvart år heilt frå starten i 1925. Det var såleis greit å finne fram gjennom desse årlige oppsummeringane.

Eg har ikkje lese alle dei fullstendige referata frå styremøte og frå medlemsmøte, men dei finst nedskrivne med nydelig handskrift for den som ynskjer å lese meir enn det eg har fått fram her.

Undervegs i denne vandringa gjennom tid har respekten for desse kvinnene vakse seg til store høgder for meg. Eg trur at dei færraste er klare over kor mykje dei har utretta og teke vare på gjennom dei 80 åra laget har vore “i live”.

Eg er svært takksam for at eg fekk høve til å gjere dette arbeidet for Ørsta Husmorlag. Det har synt meg ein veg eg ikke visste fanst. Denne vegen er det viktig at også andre får høve til å sjå.

Eg vonar dette samandraget kan gje eit innblikk i det. Så kan den som vil lese meir, ta fram att dei flotte handskrivne bøkene og vandre videre på den vegen som kvinnene har grunnlagt.

Med vørdsam helsing,

Turid Karlsbakk



I sølvets rene lysning en mor bøyet står
og strekker sine arme mot barn i unge år,
og rammen den er prydet i rødt hvitt og blått,
det er vårt eget emblem som dette preg har fått.
Det er vårt husmormerke yrkesbetont og kjært,
vi føler husmorkallet som rikt og stort, men svært.
Men står vi under fanen med vilje god og sterk,
vi løfter husmorsaken opp til et mesterverk.

Hva er så dette motto som lyser dag og kveld
og høyner husmoryrket? Det er: For hjemmets Vel.
I hjemmet vil vi bygge en lun og sikker borg
der barn og ungdom alltid kan dele lykke og sorg,
og finne den forståelse som mor og far kan gi.

Men husk du aldri makter fra nød å be deg fri,
for verden den vil drysse sitt støv av ondt og godt.

Da er det kjært å minnes der trøst en selv har fått.
Med Hjemmets Vel vi legger en fast og varig grunn
for landet vårt, for Norge til hjelp i nødens stund.
Vi verner tradisjoner og høye ideal,
vi elsker dette landet med fjord og fjell og dal.

Men husmorsakens linjer til andre grenser går,
og mange land er knyttet til denne kjeden vår.
Til samarbeid, forståelse vi rekker hånden frem,
og ønsker fred og lykke for alle verdens hjem.
Må krig og gru forsvinne, må nag og hat forgå,
må husmorsakens motto en ring om hjemmet slå.

Da stiger rene toner fra barnets trygge sinn,
da løfter unge tanker en sky av glede inn,
da senker stille lykke seg varsomt, trygt og godt,
og hjemmet har den vakreste, en lysets ramme fått.

Vi bøyer våre hoder, vi ber en stille bønn,
og sender HAN som hjelper, en takk, en takk i lønn.
Og stjernene vil sprede sin glans, sin gyldne fred
og lyse over hjemmet så sol går aldri ned.
Da blir det selt i landet fra sør til lengst i nord,
da lyder husmortanken i et enstemmig kor:
For hjemmets vel vi kjempet, for hjemmets vel vi led,
og når vi gleder andre da selv vi gledes med.

(Helene Lervik – Prolog frå 40 års jubileum i Sunnmøre og Romsdal krets av Norges Husmorforbund i 1966.)


Bakgrunnen og starten

Frå Canada til Noreg

Den første husmorforeining vart stifta i Canada i 1897, og etter statsforanstaltning vart denne rørsla overført frå Canada til England og dei engelske koloniane under namnet “Women`s Institutes” i 1916.

I Noreg vart den første husmorforeininga stifta i Oslo i 1898. I 1915 vart Hjemmenes Vels Landsforbund stifta med fire foreiningar og fekk i 1934 namnet Norges Husmorforbund.

Husmorrørsla oppstod på grunn av dei mange krava til husmødrene – og husmødrene sine alvorlege krav til seg sjølve. Rørsla er boren fram av dei framsynte og intelligente kvinnene som har sett krava og vanskane, og som har sett kvinner si manglande utdanning som husmødre og mødre. (Referanse: Foredrag av Rannveig Olsen, formann i Akershus krets av Norges Husmorforbund 1938).

Stifting av laget i Ørsta

Ørsta husmorlag vart stifta i 1925. Då var namnet Hjemmenes Vel. Dette namnet hadde laget til 1930.

Den 5. november 1925 vart dei fem første medlemmane registrerte. Dette skjedde etter at viseformann i forbundet, Birgitte Heggebø frå Molde og fru Rø frå Ålesund hadde eit foredrag på Ørsta bedehus. Dei fortalde om formålet med arbeidet som var å gi ungdom og husmor innsikt og opplysning slik at heimen kan byggjast på god grunnvoll. Dei viste vidare til ”det signerike” arbeidet som liknande samskipnader hadde utretta.

På dette møtet vart dei 5 første medlemmane i Ørsta innskrivne. Desse var: Frida Warhuus Olason, Signe Flydahl, Sofie Moe, Marie Myklebust og Anna Staurseth.

Dagen etter, den 6. november, kalla fru dr. Myklebust saman til ordskifte i heimen sin. Det viste seg at mange hadde tru på ein samskipnad i Ørsta. Foreninga vart skipa same dag, og formann og styremedlemmer vart valde.
Som ein kuriositet kan det vere interessant å ta med referatet fullt ut frå dette første møtet:

Hjemmenes vel.

Den 6te November 1925 kalla Fru Dr. Myklebust saman til møte med ordskifte i heimen sin. Det viste seg daa, at fleire hadde tru paa ein samskipnad for Ørsta. Og foreninga vart skipa same dag. Med val av formann og styre.
Tilstades var Fru Heggebø og Fru Rø.

Desse møtte:
Esther Schiøtz – B. Nordahl – Martha Lystad – Berte Øie – Martha Johansen – Frida Olason – Oluffa Myklebust – Olava Flaaskjer – Synnøve Mork – Dina Bjørdal – Johanne Roald – Anna Staurseth – Signe Flydal og Signy Digernes.
Som formann vart vald, Fru Esther Schiøtz.
Dei andre i styret var: Fruorne Flydahl, Dr. Myklebust, Staurseth og Digernes.
Som varamenn: Fr. Olason og Bjørdal.
Som revisorar: Fr. Lystad og S. O. Myklebust.
Møtet slutt. Signy Digernes skrivar.

Allereie på det første styremøtet vart klare arbeidsoppgåver bestemte: Søkje etter husrom til møte. Syte for innkome til drift og til ymse utgifter.

Dei fekk fritt husrom hos Ørsta Ungdomslag mot å vaske etter seg. Dei bestemte at ein på kvart møte skulle ha ein liten ting for utlodning som ei fast innkome. Det vart videre bestemt vervingsmøte på ungdomshuset Idavollen den 25. november. På dette møtet var det 40 som teikan seg som medlemmer. Kontingenten vart sett til kr. 1,-.

Ved utgangen av 1926 hadde laget 70 betalande medlemmer. Det vart alt då foreslått å setje i gang med ymse kurs: Sykurs, smørbrødkurs, kurs i veving og i tillaging av slakt og liknande.

Namnebyte

I 1930 foretok laget namnebyte frå Hjemmenes Vel til Ørsta Husmorlag. Dette namnet hadde laget så lenge det var aktivt.

Frå sentralt hald kom det på slutten av 1990-talet forslag om å endre namnet til Norges Kvinne- og familielag (NKF). Tanken med dette var å unngå “husmor” i namnet. Dette var på grunn av at husmoryrket meir og meir vart sett på som mindreverdig ettersom kvinnene skulle ut i arbeid. Men trass i dette valde Husmorlaget å halde på det gamle og innarbeidde namnet.

Ørsta Husmorlag sitt arbeid gjennom 80 år

Eit utviklingsretta lag

Kvinnene som stod for drifta av laget, la heilt frå starten vekt på at der skulle vere eit utviklingspotensiale for husmora på alle plan. Det var difor svært viktig å skaffe foredragshaldarar og kurshaldarar.

I åra før krigen, frå 1925 til 1940, er det interessant å lese om korleis dei verna om det nære, såg på utviklingspotensiale av det mogelege i ei vanskeleg tid, samstundes som dei også orienterte seg om nye ting som kom på marknaden. Det kan nemnast at så tidleg som i 1931 vart det kjøpt inn ein støvsugar til utleige. Dette var eit stort framsteg, og støvsugaren vart tilrådd til bruk i julereingjeringa.

I 1932 var der utsendingar frå laget for å bli med på demonstrasjon av vaskemaskin. Etter kvart vart det demonstrasjon av vaskepulver og orientering mot reinsemd og lettvinte løysingar på det området.

Arbeidsstove for born

I mars 1933 vart arbeidsstova for born stifta med Signy Digernes som leiar. Den 1. mars starta fru Brekke som lærar med 20 elever. Det vart valt eige styre for arbeidsstova på kvart årsmøte, og dei hadde sitt eige budsjett. Arbeidsstova har i alle år vore Ørsta Husmorlag sitt “hjartebarn” og har gjennom alle år vore laget sitt viktigaste arbeidsområde. I 1989 var det rekorddeltaking, då heile 86 born var med. Foregangskvinna, Signy Digernes stod som leiar heilt til ho takka for seg i 1968.

Arbeidsstova låg nede ei stund på grunn av mangel på hus, men så fekk dei leige tre rom i det gamle kommunehuset på Haldeplassen, og denne viktige aktiviteten kom i gang att. Dei kjøpte inn 100 par koppar og asjetter med Ørsta Husmorlag sitt emblem på, samt oppvaskbalje, 12 stolar, vimplar og fane. No hadde dei eigne lokale både til lagsmøte og til arbeidsstove.

Etter at det gamle kommunehuset vart rive i 1981, fekk Husmorlaget leige lokale i det nye Ørsta samfunnshus. Alt vart då flytta dit, både kursverksemd for vaksne og arbeidsstova for borna.

I jubileumsåret 1993 hadde arbeidsstova 52 elever. Det året fekk Ørsta Husmorlag kommunen sin kulturpris for dette framifrå arbeidet. Ørsta Husmorlag vart i tillegg tildelt ærsprisen frå Volda og Ørsta Sparebank på kr.10 000,- for det viktige arbeidet som har vore lagt ned for borna i bygda. Denne æresprisen vart utdelt i samband med at arbeidsstova fylte 60 år. Det nye laget som tok over arbeidet med arbeidsstova, fekk overført denne summen til sin konto.

Folkebadet

I januar 1926 vart temaet om å få til eit folkebad i Ørsta oppe. Nokre syntest det var ei altfor stor sak for eit nystarta lag, men i februar same året vart det vedteke å gå i gang med å søkje om tilskot. Laget samla inn pengar ved hjelp av utlodning, og i 1931 hadde dei kr 300,- på eigen konto til formålet. Det vart søkt til Ørsta kommune om stønad på kr 750,-, og dei søkte også om kr. 2000,- frå Norges Badeforbund. Der kom Ørsta ikkje i betraktning i første omgang, men stod som søkjarar vidare.

I 1930 tok Ørsta Sanitetslag over dette arbeidet. Dei bygde huset i sentrum der folkebadet vart installert. Då vart dei 300,- kronene frå Ørsta Husmorlag som var avsett på konto, ytt til det. Sanitetslaget dreiv folkebadet til det vart nedlagt.

Så kom krigen

Før krigen vart det særleg lagt vekt på dei nære tinga: Fjøs- og mjølkestell, skomakarkurs, kosthald, foreldreplikt og ansvar. Men laget følgde heile tida med i samfunnsutviklinga.

I 1940 var det rasjoneringstid. Då arbeidde dei for ymse veldedige formål. Mellom anna hadde dei Finlandsinnsamling, gav stønad til Ørsta Sanitetslag til opparbeiding av sjukemateriell, og dei strikka strømper til marinen etter å ha samla inn pengar til tråd. Dei meinte det var viktig å arbeide for noko som viste att utover også.

Dei sytte vidare for at det vart gjennomført kontroll av kjøt og flesk via distriktslækjar Gerhard G. Berg.

Trass i rasjonering og mørklagde kveldar prøvde kvinnene å halde aktiviteten i gang. Dei flytta møta til tidlegare på dag for å ha lys, og dei tok med eigen matpakke til møta.

Den 6. mai 1940 måtte dei likevel på grunn av krigstilstanden legge ned arbeidet.

Ny start – krigen er over

Den 2. oktober 1945 tok laget til med møte att. Der var 18 personar til stades på dette første møtet etter krigen. Det vart notert i referatet at der vart servert ekte kaffe og kvite kaker. Kvinnene bestemte seg for å halde fram med møta som før, og med kontingent kr 1,- som før.

Den første saka dei tok tak i no, var å søkje stønad til vaskeri i bygda. Same året arrangerte laget 20-års fest for Ørsta Husmorlag. Dei baud då inn dei medlemmane som var med på å stifte laget. Alle medlemmer tok med kvar sitt matfat til festen.

Dei hadde pengar i banken som no kom vel med både til drift av arbeidsstova for barn og til å kome i gang med anna viktig arbeid.

Vanskelege tider – rasjonering

Dei neste to åra etter at krigen var slutt var det vanskeleg om det meste. Det var rasjonering og lite tilgang på nødvendig utstyr. Til dømes måtte eit planlagt skomakarkurs avlysast på grunn av mangel på tilfang til å arbeide med.

Men kvinnene stod trottig på med sitt arbeid. Dei arrangerte foredrag om viktige tema i Husmorlaget si ånd i denne vanskelige etterkrigstida. Dei kom i gang med å sende representanter til krinsmøta, og etter kvart fekk dei også i gang både skomakerkurs og filerkurs. Det vart sett i gang kurs i lindyrking for å skaffe lintråd til å arbeide med.

Trass i vanskane vart året 1947 uttalt som eit aktivt år i laget.

Denne etterkrigsperioden var tydeleg prega av optimisme og samhald. Kontingenten vart auka frå 1,- til 2,- kroner pr. år. Av dette gjekk det 25 øre til krinskontingent og 25 øre til landskontingent.

I tida etter krigen var kosthold eit viktig tema, spesielt med tanke på borna. Laget engasjerte difor ein representant frå Husmorforbundet sentralt til å snakke om rett kosthald for born. Skulefrukost for alle born var tema. Det kom ikkje fram nokon stad om dette vart gjennomført i Ørsta.

Det indre livet

I denne perioden vart møta haldne i heimane på omgang. Dei såg dette som meir avvekslande, og så slapp dei å betale leige til folkebadet med kr 3,- pr. gong.

Mellom 20 og 30 kvinner kunne vere til stades på same tid på møte i dei ulike heimane. Dei samla inn pengar anten ved å putte på børsa eller ved utlodning av gjenstander som dei gav.

Kaffi og god mat var viktig. Der var lister over vertinneansvar for kvart møte. Opning med eit ord og ein song var fast innslag. Dei hadde eit greitt system med lister der vertinneansvaret gjekk på omgang, og vertinnene på møta var ikkje alltid dei same som dei som heldt hus.

Det kjem klart fram at det sosiale livet og trivselsfaktoren var viktig. Men minst like høgt stod den overordna oppgåva om å skaffe pengar slik at utviklinga ikkje stogga. Det var til ei kvar tid lagt opp til tema som var utviklande for både husmora og for samfunnet.

Høgjing av kvinnekulturen har vore gjennomgåande heilt frå starten, og dugnadsånda har stått sterkt blant kvinnene.

Markering av Nordens Husmorforbund

10. mars var den årlege datoen for markering av det nordiske samarbeidet. Denne markeringa var over heile Norden på denne datoen, og både Noreg, Sverige, Finnland, Danmark og Island var med.

I 1937 står det i referatet frå denne markeringa at det vart installert radio på folkebadet for dette høvet. Der var program frå Oslo retta til alle husmorlaga utover heile Noregs land. Der var full sal av tilhøyrarar til programmet. Etterpå song alle “Gud signe vårt dyre fedreland”.

Ørsta Husmorlag har markert denne datoen gjennom heile sitt aktive virke.

Det kan i denne samanhengen nemnast at Husmorbladet har vore sentralt heile tida.. Det vart sendt til alle medlemer og var inkludert i medlemsavgifta. Her fann kvinnene viktige artiklar som dei delte med kvarandre på medlemsmøta. Bladet var òg ei viktig tilknytning til det sentrale fellesskapet i Norges Husmorforbund.

Økonomi

Den mest stabile inntektskjelda har som tidlegare nemnt vore innsamlinga av pengar på medlemsmøta, utlodning, kake- og kaffisal, tombola og salsmesser.

Faste arrangement som kakesal på Folkebadet på 17. mai er eit eksempel som mange kan hugse. Seinare gjekk dei over til å ha dette arrangementet på 1. mai.

For å samanlikne utviklinga i pengeverdien med i dag kan det nemnast at i 1929 kosta eit blautkakestykke 25 øre og småkaker 5 øre.

På årsmøta vart det oppnemnt ei tombolanemnd. Denne var på ti medlemer og hadde ansvar for gjennomføring av den årlige tombolaen. Sameleis vart der sett opp lister over kakebakarar for å skaffe kaker til utlodning og sal.

Laget har elles passa på å søkje om tilskott der det kunne finnast mogeleg, både lokalt og sentralt.

1950-åra – ei tid med framgang og optimisme.

Framover i 1950-åra var der stor aktivitet i laget. Det vart halde kurs og demonstrasjonar, og skomakarkurs og sykurs var det jamnt tilbod om. Det var også demonstrasjonar av vaskemaskin, vaskepulver, “mat til hverdags og fest”.

No var det tid for å tenkje nytt, og det vart tilgang på tilfang til både mat og utstyr. Margarincentralen, vaskepulverprodusentar, kjeksfabrikken Martens hadde produkt som vart presenterte via agentar, og smaksprøver og anna vart delte ut.

I 1951 tok Ørsta Husmorlag initiativ til husmorgymnastikk. Mange melde seg interessert i dette. Det vart dette året også oppretta beredskapsgruppe i tilfelle uro. Beredskapsgruppa skulle stille ved sjukehuset i Volda som kjøkenhjelp dersom det vart behov for det.

Dette var ei tid med straumrasjonering, så straumen vart stengd ut på kvelden. Det vart difor servert kaffi i starten på møta slik at dei fekk kokt den før straumen vart borte. Det er interessant å sjå korleis kvinnene fann utvegar som gjorde dei i stand til å drive laget og kome saman trass i ytre hindringar.

I 1955 kom der ynskje frå Barnas Vel om at Husmorlaget kunne ta overta drifta av barnehagen. Dette vart avslege på årsmøtet ut frå at det vart ei altfor stor oppgåve å ta på seg i tillegg til arbeidsstove for born og vaksenopplæring. Det vart semje om å gi pengestønad eller kjøpe utstyr til barnehagen, noko som også vart gjort.

Kontingenten vart dette året heva til kr. 7,- pr. år.

Den moderne teknikken er på veg inn

Husmorlaget følgde med i tida. Det kom reisande folk som ville demonstrere dei nye vidundera som til dømes strikkemaskin og dampstrykejarn, kjøleskap og djupfrysar. Husmødrene visste å nytte seg av dette for å hente kunnskap.

Strikkemaskin og støvsugar vart kjøpt inn for utlån til medlemmane.

Husmorvikarordninga

Dette vart eit viktig arbeid for husmorlaget etter krigen. I 1946 vart det søkt støtte frå kommunen for å sette i gang, og husmorlaget dreiv denne tenesta fram til kommunen tok over henne i 1955.

Den tida Husmorlaget stod for drifta, kosta laget alt utstyr til hybel for husmorvikarene og betalte for telefon.

Dette husmorvikartilbodet var for familiene. Men også einslege og gamle kunne trenge hjelp, og difor skipa husmorlaget heimehjelpsordning for eldre i 1965. Kommunen tok over denne drifta i 1968.

I 1956 engasjerte Husmorlaget seg i å støtte ny aldersheim i bygda. Dei heldt loppemarknad og fekk inn kr.1100,- som vart gjeve til formålet. Same året vart det kjøpt og hengt opp redningsbøyer ved 2 av kaiene i Ørsta, og det vart arrangert førstehjelpskurs.

Kursverksemd

Saman med Volda Husmorlag kom det i gang frivilleg sosialtjeneste for unge i 1969. Halve idéen var å gje billeg hjelp i sosiale institusjonar, men like viktig var oppsedinga og at dei unge kunne få innsyn i slike institusjonar på veg ut i arbeidslivet.

Kurs av alle slag vart haldne: Sying av kle, lampeskjermar, bunad og bunadskjorter, buksesying, veving, prydsaum, hekling, filering, halmkurs, skomakarkurs (for gutar), borddekking, matlaging av smårettar, grønsakkurs, kurs i møteteknikk. Seinare vart språkkurs viktig, særleg engelsk.

Nytt samfunnshus

Ørsta Husmorlag stod som pådrivar for eit nytt samfunnshus i bygda. Dei selde aksjar og hadde arrangement til inntekt for saka. I 1974 kom planlegginga i gang, og i 1978 stod huset ferdig. Laget hadde eigen representant som sat i styret for samfunnshuset.

Papirinnsamling

I 1976 sette laget i gang papirinnsamling i samarbeid med Ørsta kommune. Kommunen betalte transport og kontainerleige, og husmorlaget stod for opplysning/annonsering. Innsamlinga heldt fram også året etter, men så vart ho avslutta fordi mottakar ikkje kunne ta imot meir papir.

6-års klubb

Tilsaman 48 born deltok på 6-årsklubben som laget sette i gang i samarbeid med 3 førskulelærarar. Den var i gang i dei to åra 1977 og 1978.

Eiga drakt

Det var semje i laget om å skaffe eiga ”husmordrakt”. Dei bestilte stoff felles for dei som ville ha. Draktene vart sydde ferdig til 17. mai 1957, og då stilte damene i toget med sine fine drakter i blått og gult.

Etter at dei fekk seg drakter, vart husmødrene populære som servitørar på ymse tilstellingar der det vart servert mat.

Den 9. august 1958 var 21 av kvinnene, sjølvsagt kledde i sine flotte drakter, serveringsdamer på 75-årsjubileumsfesten for Ørsta kommune. Den 20. august same året stilte 17 damer opp og serverte på innviingsfesten til Ørsta yrkesskule. Også ved fleire andre høve stilte kvinnene opp og serverte. Dei fekk som takk all inntekt frå loddsalg på tilstellingane.
Stryking av konfirmasjonskapper

I 1954 vart det innført bruk av kvite kapper for konfirmantene i Ørsta. Husmorlaget tok då på seg å stryke kappene. Det vart kvart år valt ei nemnd til å gjere dette arbeidet, men på 1960-talet tok kyrkja over dette ansvaret.

Kreftundersøking for kvinner

På midten av 1960-talet fekk Ørsta Husmorlag i gang gynekologisk undersøking for kvinner. Laget gjorde avtale med Radiumhospitalet om at prøver frå undersøkingene som vart gjort av legen, vart sende dit for gransking. Laget støtta opp økonomisk om dette arbeidet, og nokre frå laget stilte til ei kvar tid som medhjelparar for legane på kveldstid. Dette var eit tilbod til alle kvinner i bygda mellom 25 og 60 år. Det var god oppslutning om det, og mange kvinner kom på grunn av denne undersøkinga tidleg til legehjelp og behandling.

Fødeavdeling ved Volda sjukehus

I samband med utviding av Volda sjukehus søkte Ørsta Husmorlag om å få reservere 20 sengar til fødeavdeling, og dei stod som uformelle søkjarar for lån. Takka vere deira innsats gjekk dette gjennom, og fødestova vart opna i 1970. Ved det same høvet vart der overrekt eit TV-apparat og ein radio som var gjeve av Sunnmøre gruppe, i alt 19 lag, og der Ørsta Husmorlag var ein av gjevarane.

Husmorlaget var merksame på det viktige med ammehjelp og fekk gjennomslag for at dei fødande kvinnene skulle få tilbod om å ligge på fødeavdelinga i minst ei veke.

Engasjerte i born sin oppvekst

Laget har alltid vore svært engasjerte i borna sin oppvekst. Dei abonnerte på bladet “Vi foreldre”, og formålet var å gi inspirasjon, kunnskap og hjelp til foreldre i arbeid med å rettleie den oppveksande slekta.

Laget deltok aktivt i arbeid med trafikktrygging i bygda, og dei var medvitne i å skaffe foredragshaldarar som kunne bidra med oppbyggjande, opplysande og tidsrette tema. Der var ei eiga nemnd til å arbeide med leikeplassar for born.

Laget vart òg invitert av avholdslaget til å skipe til alkoholfrie tilstellingar for ungdom i Ørstahallen. Målet var å framelske sunn moro utan alkohol.

Kurs i husstell

I 1968 vart det frå forbundet sentralt utarbeidd eit kurs som var eit kombinert kurs i husstell. Det utgjorde kompetanse for ein husmorskole. Etter mykje pågang frå studieleiaren på den tida, Sigrun Riisnes, fekk Ørsta godkjenning for å setje dette i gang. Kurset gjekk over fire semester, og fleire ungdomar frå Ørsta nytta seg av denne utdanninga.

Kollektiv ulykkesforsikring

Ørsta Husmorlag gav tidlig tilbod til alle medlemer om å bli med i ei kollektiv ulykkesforsikring. Denne vart følgt opp og betalt fast kvart år.

Jubileumsfeiringar

Både 25-, 40-, 50-, 60, 70- og 75 års-jubileum vart markert og feira med stil. Til 25-års-jubileet leigde dei lokale på Ose Hotell, og mennene var inviterte med.
Til 40-års-jubileet leigde dei lokale på Viking Fjord Hotell. Både aktive og passive medlemer med ektemenn vart inviterte. Dei baud også inn representantar frå krins og kommune til festen.
50-års-jubileet vart halde på Møre Folkehøgskule, også her med innbedne ektemenn, aktive og passive medlemer. Til saman 50 personar møtte til festen.
60-års-jubileet vart feira på Norrøna . 27 medlemmer møtte til ei flott markering. Ute var det 11 kuldegrader, men inne var det varmt og godt, vert det opplyst i referatet. Gjestetalar var Borghild Tranvåg.
70-års-festen vart feira i ein nydeleg pynta Badsal, og 25 personar deltok. Der vart overrekt ein vakker krystallvase frå Norges Husmorforbund, og der kom inn fleire blomehelsingar i høve jubileet. Kveldens talar var forbundsleiaren Anne Marit Hovstad som var “flyboren” frå Oslo.
75-års-festen vart halden på Viking Fjord Hotell den 15. november 2000. Medlemmane i det yngre husmorlaget var òg bedne til festen, og det vart servert juletallerken. Eit fyldig program med både taler og song gjorde festen svært vellukka. Der vart overrrekt blomehelsing både frå Søre Sunnmøre KFF og frå yngreslaget.

Utveksling med andre lag

Der har gjennom alle år vore eit godt samarbeid både med andre husmorlag og med andre organisasjonar. Fellesmøte med Volda og Vartdal har vore gjennomført ofte, og alltid med tema til samfunnsnytte og til fagleg utvikling.

Laget har heile tida vore medlem i Norges Husmorforbund, og heilt til det siste vart det sendt representanter til møte på ulike nivå.

Kvart fjerde år var der eit stort landsmøte der fleire frå kvart lag vart inviterte med. Siste gong eit slikt stort landsmøte vart avvikla, var i Sandefjord i 1961. Der var over 1000 deltakarar, og to representanter frå Søre Sunnmøre gruppe var mellom dei.

Seinare vart det berre invitert ein eller to frå kvar krins til landsmøta. Dette fordi det vart vanskeleg kring om i landet å ta på seg å stelle i stand så store arrangement.

Foredrag/kåseri – kurs og studieringar

Opp gjennom åra har det som tidlegare nemnt vore innhenta foredragshaldarar til ulike tema.
Desse har vore aktuelle ut frå kva tidsepoke ein har vore i, men med vekt på det viktige ansvaret som kvinna har stått for gjennom tidene: å trygge heimane.

Det vart gjeve statsstøtte til desse kursa på lik linje med friundervisninga, og studieleiar vart vald kvart år på årsmøte for eitt år om gongen.

Nokre eksempel på tema: Taleteknikk, møteleiing, blomsterkurs, smørbrødkurs, notelære, skikk og bruk, fileteringskurs, lindyrking, fargekurs, skomakarkurs, kostlære, lefsekurs, vevkurs, prydsaum og bunadsaum, m.m.m. I tillegg: spebarnstell, hagestell og etisk oppseding.

Toppår

I 1967 var Ørsta Husmorlag det største på Søre Sunnmøre med eit medlemstal på 119. Dei hadde nokre merkesaker som dei jobba aktivt med: Heimehjelp for eldre, husmorvikarordninga, arbeidsstova for born og vaksenopplæring.

I tillegg kom alt det andre som gjennom åra hadde vore med og skapt tradisjon for laget og som dei ønska å halde fram med – til dømes tombola og matsal, kursing, og dei tradisjonelle støttefunksjonene som var godt innarbeidde i lagånda.

Tilbakegang

I 1978 byrja ein å merke mindre aktivitet. Det var mindre oppslutning om møta, og det vart vanskeleg med nyrekruttering. Dei yngre kvinnene vart meir opptekne av utdanning og å kome ut i arbeid enn av å satse på husmoryrket som status.

Medlemstalet minka for kvart år. Mange av dei eldre medlemmane gjekk etter kvart bort, og i 1980 var medlemstalet nede i 25 medlemmer.

Laget prøvde å halde oppe aktiviteten med å arrangere kurs, men det viste seg at det vart vanskelegare å rekruttere deltakarar til kursa.

Trass i lågt medlemstal var laget likevel svært aktivt, og kvinnene vart rekna med når viktige ting skulle avgjerast. Eit eksempel var at husmorlaget vart oppmoda om å kome med uttale i samband med ny ekteskapslov.

I 1982 vitja Bjørgvinbispen Thor With Ørsta. Då tok laget på seg alt ansvar for pynting, kaffikoking, servering og oppvask.

Likevel aktive

Kvinnene orienterte seg mot rettar i samfunnet og engasjerte offentlege personar til møta for å orientere om dette. Det galdt til dømes trygderettar, sosialsystemet og rett til omsorgsløn. Då AIDS kom opp som tema, sytte kvinnene for å engasjere helsepersonell til å halde opplysningsforedrag om dette på medlemsmøte.

Laget arbeidde denne perioden mykje for å få kommunen til å gå inn for omsorgsløn for pleie av eldre og uføre i heimen. Det var dårlig respons frå kommunen på dette, men medlemene stod på for å få det gjennom.

Abortsaka og alternativ til abort var òg eit område der husmorlaget engasjerte seg og oppdaterte seg.

I TV-aksjonen “verden for kvinner” gav laget kr. 1.500,-.

”Eit godt arbeidsår”

Gjennomgåande for alle årsmeldingar har vore at laget har hatt eit godt arbeidsår, trass i signal om at laget minka bort når det var snakk om talet på medlemer. Det er heilt klart at dei trottige kvinnene som hadde arbeidd for laget sin vekst og levekår, var optimistiske og aktive trass i motgang.

For å bøte på det sviktande medlemstalet, sette Ørsta Husmorlag i 1993 av kr. 10.000,- til rekrutteringsarbeid. Målet var å starte eit yngre husmorlag. Dette kom i gang, og dei tok i bruk det nye namnet Norges Kvinne- og Familieforbund.

Trivselen er viktig

Etter kvart som medlemstalet minka og medlemmane som var att vart eldre, vart det å møtast og ha det trivelig i lag viktig. Dette gjorde dei ved å halde fram med medlemsmøte, treffe andre husmorlag og å dra på turar i lag. Laga inviterte kvarandre til hytter og til heimar, og turar vart gjerne kombinerte med utstillingar eller liknande. Trass i at dei var få, deltok dei med utsendingar på gruppemøte, krinsmøte og på jubileumstreff i lag med andre lag på landsbasis.

Ørsta Husmorlag var også medlem av Husflidens venner fram til 1998.

Millennium

Ørsta Husmorlag tok kontakt med NRK med spørsmål om å få overført midnattsgudstjeneste frå Nidarosdomen på TV millenniumsaftan. Dette skulle vere til ære for alle eldre i landet, men førespurnaden vart avslege frå NRK med grunngjeving om at det vart for dyrt. Avslaget var ein skuffelse, for husmorlagsmedelemmane hadde håpa at NRK på ein slik kveld kunne heidre arbeidet som landets kvinner hadde gjort gjennom så mange år.

Avslutningsprosessen

Slik situasjonen hadde utvikla seg, gjorde dei attverande medlemmane eit fleirtalsvedtak om å legge ned laget. Det siste årsmøtet vart halde i heimen til Laura Vinjevoll 20. september 2005. Ørsta Husmorlag vart såleis 80 år.

Det vart naturleg nok ei vemodig stemning på dette møtet, men kvinnene sette seg ikkje ned og slutta for godt. No var tida der for å dele ut til verdige formål alle gjenstander som var i laget, og pengar som stod på konto.

Gåver

Folkebadet, huset der lagsmøta heldt til var selt. Koppar og kar vart gjevnee til Bakk-Olamarka.

Husmorlaget hadde hatt eit eige kreftfond, og med renter var der ein sum på kr. 13.377. Desse pengene vart gjevne til kreftforeininga.

Ein vevstol med hovold og skeid vart gjeve til Loftet dagsenter. Rokken pryder ei stove på Ørstaheimen. Resten av vevstolane vart forærte til Ørsta kommune med tanke på aktivitetssenteret på Bakk-Olamarka. Ørsta kommune sette liten pris på gåva, så vevstolane hamna i Volda.

Til Ørsta kyrkje vart det gjeve kr. 10.000,- til mikrofonar, kr. 32.000,- til fornying av trekk og oppussing av brudestolane og kr. 20.000,- til opprusting av forlovarstolane. Stolane vart trekte i gyldenlær av kunstnaren Olaug Kalve Størksen frå Bømlo.

Eit viktig bidrag frå Ørsta Husmorlag var pengar til skulefana til Velle skule.

Kr. 10.000,- vart gjeve i støtte til pianofondet ved Ørsta eldresenter

Ørsta Husmorlag hadde i si tid også skaffa seg si eiga fane. Ho vart måla av Sigurd Sveen og prydar no ein vegg på Bakk-Olamarka.

Faste støttebidrag frå laget

Husmorlaget gav kvart år blomar til sjuke-og aldersheimen og til kyrkja. Kvart år vart det også sendt støtte til ulike hjelpeinstanser som til dømes Haug behandlingsheim, Aksjon for uføre husmødre, Kirkens nødhjelp, pasienter ved Opdøl sjukehus, og til barneheimen i Ørsta. Modum Bad nervesanatorium og Koreaforeninga var også faste mottakarar av pengegåver.

Gåver og bidrag vart ytte til Barnas Vel barnehage i Ørsta og til bygging av ny sjukeheim.

Andre bidrag

Flaumlys til Ørsta kyrkja. - Kaiprosjekt ved Mork senter for funksjonshemma. – Krisetelefon for kvinner for Ørsta og Volda.. – Minibuss til aldersheimen. – Redningsutstyr til brannvernet i Ørsta. – Gåstol til sjukeheimen. – Stønad til fødestova til nytt TV. – Måleri av Oddvar Straume som har vore i Husmorlaget sitt eige, vart overrekt til Vikemarka skule. – Datarøntgen ved Volda sjukehus. – AAN (alternativ til abort).

Aksjane som husmorlaget hadde i Ørsta samfunnshus vart overtekne av Ørsta kommune då laget vart nedlagt.

Vedlegg:

Lover 1925

§ 1 Foreningens formål er at befordre hjemmenes vel i hygienisk, etisk, økonomisk og sociale
henseende, hvilket formål søkes nådd ved de midler som til enhver tid måtte findes
tjenlige.
a At støtte hjemmenes økonomi ved at fremme kontrol med fornødenhetsartikler og ved at
lette adgang til billige innkjøp.
b Fagkurser for husmødre og hushjelp.
§2 Medlem av foreningen blir enhver som betaler kr 1.00.
§3 Utmeldelse må skje skriftlig inden 1ste desember.
§4 Styret består av 5 medlemmer, blandt disse velges formanden direkte av
generalforsamlingen. Styret velger sig imellom viseformann, kasserer og sekretær. Hvert
år utgår skiftevis 2 og 3 medlemmer av styret, hvor mange og hvem avgjøres første gang ved loddtrekning. Hvert år velges 2 varamænd og revisor.
§5 Generalforsamling holdes hvert år inden februar måneds utgang.
§6 Over forhandlingene føres protokol.
§7 Foreningen er upolitisk.
Lover for foreningen “Hjemmenes vel” (tilsluttet Hjemmenes Vels Landsforbund)

------------------------------------*******----------------------------------

Lover 1991
Lovene for Norges Husmorforbund vart endra og tilpassa nyare tid. I 1991 lydde formålsparagrafen slik:
Formål
§ 1 NH er en yrkesorganisasjon som skal samle Norges husmødre i arbeid for hjemmene, etisk, sosialt, kulturelt, økonomisk og hygienisk.
§ 2 NH vil arbeide etter kristne prinsipper.
NH er ikke partipolitisk
NH arbeider bl.a. for:
a) å spre kunnskap og opplysning blant husmødre om kulturelle, faglige, økonomiske,
familierettslige og mellomfolkelige spørsmål.
b) å oppdra barn til gode samfunnsmennesker
c) riktig kosthold og forebyggende helsetiltak
d) at det for alle elever på alle trinn i skolen blir avsatt rommelig plass for
undervisning i husstell, håndarbeid og familiekunnskap.
e) tekniske og sosiale tiltak som kan bedre arbeidsforholdene for husmødre i bygd og
by.
f) hjemmenes oppgaver, ved å være talerør overfor våre myndigheter og kreve større
representasjon for kvinner i offentlige utvalg og institusjoner.
g) å trygge familiens økonomiske stilling.
h) verne om naturen og livsmiljøet.

------------------------------------*******----------------------------------

mandag 19. oktober 2009

"Engelen" - ein film det er verd å sjå


Vi veit at Margareth Olin er flink til å framstille det gode i mennesket. Vi veit også at ho er flink til å overføre det ho brenn for til filmar som grip oss.
I går såg eg filmen "Engelen". Den handlar om Lea som etter ein uheldig oppvekst vart heroinavhengig. Ho var avhengig av ei mor som ikkje klarte å stille opp for dottera sjølv om det var det ho ønska mest av alt. Då Lea sjølv vart mor til vesle Sonja, skjøna ho etter kvart sine eigne avgrensningar. Ho såg at dottera vart redd når mor var rusa og berre sov. Ho kontakta barnevernet og bad om at nokon andre måtte ta hand om Sonja.
Det var eit vanskeleg valg å ta for Lea, men det ho uttalte var følgjande: "Eg gjer dette for at dotter mi skal få høve til å velge sitt eige liv".

Gjennom jobben min med rusmiddelavhengige møter eg desse menneska som Margareth Olin viser oss i filmen. Ho uttrykker det omlag slik: "Enkelte menneske er så snille at dei vert sjuke av det".
Eg kan lett kjenne att dette. Dei flotte menneska eg møter i min jobb har på ein eller annan måte, på eit eller anna tidspunkt, av ei eller anna årsak valgt feil og blitt avhengig av eit eller fleire rusmiddel. Mange av dei har opplevd vald og svik, og rusmidla har blitt den beste medisinen.

Takk til Margareth Olin for ei fantastisk filmoppleving!

tirsdag 29. september 2009

Møte med ei 100 år gamal kvinne

I lag med mi 87 år gamle tante Martha drog vi i dag til Hjørundfjordheimen for å besøkje Helga som fylte 100 år den 29.08.09. Desse to kvinnene vaks opp som grannar på kvar si side av vegen på Øye i Follestaddalen.
Det vart ein ugløymeleg time vi hadde denne ettermiddagen på Hjørundfjordheimen. Det var som å bli med tilbake til fortida medan dei mimra og hugsa dei mange minna frå dei var små. Den 100 år gamle Helga er kvikk som ein ungdom i minnet. Ho fortel kjapt og utan opphald om hendingar frå sætrelivet i barne- og ungdomstida, og om episoder frå oppveksten med dei mange borna som vaks opp på dei to gardane.

Eg hugsar Helga frå eg sjølv var lita. Eg brukte å vitje henne i lag med mor mi. Når vi no møttest så kunne ho fortelje episoder frå den tida som eg sjølv hadde gløymt.
Ho storkosa seg over besøket, og det var tydeleg at å vandre tilbake i tid gav henne ei god stund. Helga både ser og høyrer godt. Ho treng ikkje høyreapparat, og ho sat og hekla på ein fin duk då vi kom. Ho likar seg best når ho kan vere på sitt eige rom. Der kan ho sjå på tv, ho har sin eigen telefon, og ho likar å hekle dukar som ho kan gi bort.
Eg må tilstå at denne turen i lag med dei to ungdommelege kvinnene på 87 og 100 år vart for meg eit minne for livet.
Dessverre så gløymde eg å ta med fotoapparat, så difor bør eg ta ein tur igjen ganske snart. Men denne rosa som eg legg inn på bloggen vil eg skal vere eit symbol på Helga slik ho stråla imot oss.

lørdag 19. september 2009

Praha er verd å sjå - men skund deg før turismen tek overhand.

Ein tur til Praha i lag med gode vener kan eg absolutt anbefale. Ta ein taxi til Slottsfjellet. Heile fjellet er eit museum. Ein treng god td for å kjenne på atmosfæren medan ein vandrar i "Golden gate", ein tur til dukkemuseet eller om du ønskjer å gå ned til torturkammeret nede i fjellet. Dersom du vil besøkje den store kyrkja må du bruke mykje tid til å stå i kø. Det prioriterte ikkje vi. Men vi valde å spasere ned alle trappene frå fjellet til Karlsbrua.
Turismen er i ferd med å øydelegge ein del. Brua er til tider så stappfull av folk at vi går nesten i kø.


Butikkane i sentrum er prega av souvenirar der du finn det same over alt. Men der er også flotte krystallbutikkar der du finn det beste. Praha er kjend for rimeleg og fin krystall, men det løner seg å gå litt utanom sentrum. Der er prisen llavare.  Så kan du gå deg frampå ein dukkebutikk med tredukker av alle tenkjelege variantar. Kjekt å kjøpe med heim til barna eller barnebarna kanskje?                      
Det kryr av tilbod på konsertar i Praha. Vi nytta oss av eit tilbod om 5 retters middag og Musikk av Mozart i 3 akter som varte under heile middagen. Vi hadde utsikt mot klokketårnet på rådhusplassen, og kvelden var fantastisk vellukka. Berre synd at der var så få tilhøyrarar i spisesalen denne kvelden.

                                
Jau då, eg reiser gjerne attende dit. God mat og trivelege restaurantar. Prisane går godt an, sjølv om dei nok er på veg oppover der også.

lørdag 12. september 2009

MØTET MED DEN GRØNLANDSKE KULTUREN

Eit særprega land - eit venlegsinna folk

Etter at eg vitja nordaust-Grønland i 1990 har eg aldri vorte ferdig med dette landet.
Difor tok eg ein ny tur, ti år etter, for å sjå og oppleve meir.
Sommaren 2000 gjekk turen til sør-Grønland, til busetnader der dei første nordmennene slo seg ned.
Eg var spent på om denne landsdelen ville gi meg dei same vakre og storslåtte naturopplevingane som dei eg fekk lenger nord. Der var det villskapen, dei enorme naturkreftene og villdyra som fascinerte meg, samt opplevinga av å finne spor etter far min.
No ville vi få møte dei innfødde grønlendarane, samt sjå gamalt og nytt i dette landet som i stor grad er i utvikling.

Tre damer delte opplevingane i lag med meg denne gongen: Eli Bjørdal frå Ørsta, Lidvor Sætre Mork frå Vartdal, Sigrunn Martinussen frå Oslo.
I motsetnad til forrige tur som tok ei veke med båt over havet, tok denne turen berre fire timar frå Køpenhavn til Narsarsuaq med fly.
Eg kjende litt av det same som sist då eg steig ned frå flytrappa, men spenninga var ikkje like stor denne gongen. Dette vart meir som eit nytt kapittel, ein måte å danne eit slags heilskapeleg perspektiv av landet.

Dei mektige isfjella
   
Noko av det som imponerer ein turist på Grønland er isfjella. Dei flyt i fjordane som mektige katedralar. I solskinet glitrar dei i drivkvitt og blått, og i skodde og regn skimtar du dei når dei dukkar opp like ved skutesida. Vi opplevde begge deler, og vi såg dei frå den klare lufta på helikopterturen vår.
Båtturane kunne virke lange i utgangspunktet, men her var det stad og rom for kontakt med nærmiljøet. Der er ikkje bilveg mellom bygdene, men båt avgang ein gong om dagen.
Folk på Grønland har tid nok. Når dei reiser med rutebåten til nabokommunen for å vitje, ja, så blir dei der ei veke eller så. Slik er det der.
Men sjølvsagt finst der også den moderne forretningsmann/kvinne. Då er det fly og helikopter som er framkomstmiddelet, og der er eit godt utbygt rutenett.
Men veret bestemmer nok her og. Er det skodde så står flyet eller helikopteret på bakken.

Isfjell og fjell i skjønn forening



Kyrkja i Nanortalik


Nanortalik er den sørlegaste bygda på Grønland. Her fekk vi bu i eit lite grønlandsk hus som ei kvinne ved namn Mathilde hadde budd i. Etter at ho gjekk bort, tok turistforeininga over huset og brukte det som vandrarheim. Det var godt vedlikehalde, og der var gjort få forandringar sidan ho budde der. Huset låg inne på eit museumsområde ved den gamle hamna. Her var vi midt i det grønlandske landskapet, og gjennom dei småruta vindauga hadde vi utsyn mot isfjella, leikande kval og mot dei vakraste solnedgangane ein kan førestille seg.
Det var også her vi tok "jentespranget" og bada i sjøen med isfjell som bakgrunnsmotiv! (Jau, vi har det på bilde det og!)

Vakre blomar i solskin


MØTE MED EIN INUITT

Det var her vi trefte Jakob.
Han var ein ekte inuitt som gav oss eit varmt møte med det grønlandske mennesket. Han fortalde oss at han lever frå dag til dag. Når han vaknar om morgonen ser han opp mot fjella og ventar audmjukt på kva dagen vil bringe. "Man skal ikke takke så meget", sa han då vi ved eit høve takka han for hjelpa, "man skal tenke på hvordan man kan hjelpe hverandre".
Han baud oss med på fisketur noko vi spøkte bort i første omgang då han snakka om å ta med sovepose. Vi såg ikkje heilt for oss at vi skulle dra til ukjent farvatn med ein inuitt vi nettopp hadde møtt.

Neste morgon banka det på, og vår kjære Jakob kom inn. Det var som å gå tilbake i historia då han stod i døra på det vesle grønlandske huset.
Den småvokste mannen med den lange grå fletta nedetter ryggen, passa akkurat inn i døropninga der vi andre måtte bøye oss . "Hvordan blir det så", sa han, "blir dere med? "
Der og då slo det oss at vi hadde møtt vår første kulturkollisjon! Han hadde meint alvor med invitasjonen, det var grønlandsk høflegheit å invitere oss, og vi hadde ikkje forstått det. - Og sjølvsagt har ein sovepose med, ein kan aldri vite om veret tillet ein å kome seg heim same dagen når ein er på Grønland!

Morgonen etter dukka Jakob opp på benken nedanfor huset vårt i lag med ei grønlandsk kvinne. Dei kunne fortelje at dei båe hadde vakse opp her i nærmiljøet, og at dette var staden der dei frå dei var små brukte å sitte og sjå på kvalane som leika i fjorden.
Denne kontakten med urmennesket gledde oss mykje. Vi tok difor med glede imot invitasjonen heim til denne kvinna på "kaffemikk" som dei kallar det der.
Ho fortalde stolt at ho hadde "brusebad" (dusj) i huset sitt, og baud oss å låne den om vi ønska det. Endå eit møte med den grønlandsk gjestfriheita!

Dei to venene våre fortalde at danskane har teke over det som gjev leveveg for grønlendarane. Dei innfødde får ikkje lenger levere fangsten sin, så dei er avhengig av å selje sjølve eller å få seg jobb innan det offentlege danske systemet. Dette er ein del av det uheldige med den moderne påverknaden.

Alkoholproblemet er eit anna problem. I Nanortallik er det sett opp skilt med forbod mot inntak av alkohol innanfor eit område på 100 m. frå butikkane. Det er nok ein grunn til at dei har gått til det steget.

Kontrastar


Vakker utsikt frå fjellet

Grønland er prega av kontrastar. Her møtest sommar og vinter, lys og mørke. Det grøne sør og det golde nord.
Sommaren er kort og intens, vårløysing og midtsommar er unnagjort på nokre få korte månader. Frå drivisen slepper taket langs landet til den igjen stengjer for kommunikasjonen går det berre ca. tre mnd. Sommarsesongen på sydgrønland varer frå ca. juni til september.
I denne perioden veks smørblomane opptil 60 – 70 cm. høge. Dei er kraftig gule og dekkjer store område.


Gule blomemarkar, lilla geiterams, som forresten er Grønland sin nasjonalblomst, knall blå fjord med kvite majestetiske isfjell under ein klar blå himmel.
Det er berre eventyrleg!


Når eg ser tilbake på dei to turane mine til Grønland så ser eg at det er to ulike historier, men med likt scenelandskap. Turen i sommar utvida scenelandskapet for meg og gav rom for eit nytt og større innhald. På den måten vart eg rikare som menneske.
         Takk for at eg fekk dele opplevingane mine med deg!



lørdag 5. september 2009

Eit fantastisk feriealternativ

Vi har kjøpt oss ein  andel i anlegget til Bjørn Lyng på Gran Canaria, Anfi del Mar. Vi har no vore der ved fleire høve, og blitt godt kjende. Vi er svært glade for å ha valgt dette feriealternativet.
Born og vaksne gled seg til kvar gong vi skal dit. I sommar reiste alle våre barn og barnebarn dit og var der i 2 veker. I november reiser vi gamlingane ned i 2 veker for å "varme oss litt" før jul.

Mallorca - absolutt verd eit besøk.

Kvifor ikkje ta ein chartertur av og til? Når vi går på flyet på Vigra med hyggeleg reisefølge så vert dette ei fin avveksling ei veke i mai.

Barcelona - Spania

Eg las boka "Havets katedral". Handlinga er frå 1300-talet i Barcelona, og handlar om den tids makt og undertrykking, krig og pengar. Det heile var knytt opp mot bygginga av kyrkja Santa Maria Del Mar. Boka er absolutt leseverdig, og innhaldet fengde meg i den grad at eg måtte reise for å finne kyrkja.
Det var ei sterk oppleving då vi fann den, og at vi til og med fekk høve til å oververe messe der på søndagen.


Namnet på veggen




Inngangspartiet på baksida



                                                                  Inne i kyrkja         

Å gå i gamlebyen i Barcelona var som ei vandring i eit museum der vi kunne kjenne atmosfæren frå oldtida sitje i dei uttrakka steinhellene i dei smale gatene.
Dei dagane vi var der, 5 tilsaman, tok vi også rundturar med buss. Vi gjekk av i Gaudiparken og ved kyrkja La Sagrada Familia. Den er som kjent under bygging, og har vore det gjennom dei siste 100 åra. Både kyrkja og Gaudiparken er ei fantastisk samling av kunstverk skapt av den kjende kunstnaren Gaudi.



Snitt av Gaudikyrkja


Skulptur utanfor Gaudikyrkja


Motiv frå Gaudiparken


Byen er absolutt verd eit besøk, og gjerne verd å reise attende til.

Berlin - ein trygg og vakker by

Litteraturgruppa vår las boka "En kvinne i Berlin" (Forfattar ukjend). Vi fekk lyst til å reise dit og finne Berlinerstrasse der hendinga foregjekk. Vi booka oss inn på Propeller hotell. Det vart litt av ei overrasking. På det hotellet er alle rom utforma av ein kunstnar som har gjort dei heilt spesielle. Vi valde roma: "den flygande senga", og "opp-ned-romet". Å bu der må berre opplevast, men ei natt hadde vore nok. Vi låg der i 3 netter.
Opp-ned-romet med senga oppreidd i taket.


                                                                  Møblane hang i taket.


Berlinerstrasse fann vi, men i følge drosjesjåføren så er der mange gater som heiter det i Berlin. Vi valde den eine, og bestemte oss for at det var den rette :-)

Vi besøkte Berlineroperaen og hadde ei 5 timars operaoppleving på fremste benk

 
Berlin er ein by eg gjerne vitjar igjen.

Kina - eit land og eit folk å bli glad i.

Ved to høve har eg vitja Kina. Første gong ei veke i Beijing. Andre gongen hadde vi to veker til rådvelde og drog på rundtur i deler av landet. Begge gongane deltok eg på Møre Folkehøgskule sine kulturreiser med den fantastiske guiden Sumin som reiseleiar. Ho er sjølv frå Kina, snakkar norsk, og er eit levande leksikon. Ho er ein driven reiseleiar som gjorde heile reisa til ei einaste stor oppleving. Absolutt å anbefale.





fredag 4. september 2009

Tur til Estland og Latvia 2009

ØRSTA OG VOLDA FOLKEDANSLAG PÅ FESTIVAL I BALTIKUM

Ørsta og Volda Folkedanslag gjorde avtale med Sogn Reiseformidling i Balestrand om å lage ein tematur knytt opp mot folklorefestivalen i Riga. Det vart ein busstur på 12 dagar.
Sogningane stilte med både ein kunnskapsrik guide, Rasmus Sunde, ein dyktig spelemann, Odd Hagen, og ein framifrå bussjåfør, Vidar Grepstad.
I tillegg til vår gruppe var der med dansarar frå Sogn og Fjordane på turen.

Stopp i Sverige
Vi hadde første overnattinga på Gustav Frøding Hotell i Karlstad. Sidan vi ikkje hadde dansa til den medbrakte spelemannen sin musikk før, så nytta vi høvet til å øve inn eit danseprogram for framsyning. Danseleiaren vår, Åshild Liaskar tok hand om opplegget i lag med den dyktige trekkspelaren. I planen vart det lagt inn 3 utandørs danseframsyningar.

Før vi forlet Karlstad hadde vi eit stopp ved fredsmonumentet på Stora Torget. Statuen der er reist til minne om den fredelege unionsoppløysinga mellom Norge og Sverige i 1905. På fundamentet kan vi lese følgjande tankevekkjande ord: ”Fejd føder folkhat. Fred fræmjar folkforståelse”.



Neste stopp på turen var Stockholm. Her vart det god tid til å rusle i gamlebyen og kjøpe seg ein lunsj for den som ville før vi gjekk om bord i den luksuriøse ferja ”Victoria” med Tallinn som mål.

Songfestival
Tallinn er hovudstaden i Estland med om lag 400 000 innbyggjarar. Ein norsktalande guide, Eva Turk synte oss byen og fortalde levande om landet si historie.
Kvart 5. år har Estland ein songkonsert på den store songfestivalplassen Lauluvaljak i Tallinn. Dette er ein Baltisk tradisjon som starta i Estland i 1865. Om lag 30 000 songarar står saman på ei kjempestor scene og syng for opp til 100 000 tilhøyrarar. Det var ved slike arrangement at historia om den syngande revolusjon i 1988 – 1990 starta og medverka til at Estland reiv seg laus frå Sovjetunionen. Guiden vår som sjølv hadde opplevd alt dette fortalde levande og gripande til oss.
Denne konserten fekk vi ta del i, og det vart ei ugløymeleg oppleving for oss.



Danseframsyning
Etter Tallinn gjekk turen til Tartu. Dette er universitetsbyen og den kulturelle hovudstaden i Estland med omlag 100 000 innbyggjarar. Her hadde vi vår første danseframsyning ute på rådhusplassen. Det vart noko underleg å oppleve at folk kom og la ned pengar framom spelemannen medan han spelte til dansen. Det var tydeleg at folk sette pris på det vi formidla av vår kultur.


Den neste danseframsyninga vår som skulle vere i den vakre historiske byen Cesis i Latvia, regna bokstaveleg talt bort. Det var uråd å danse ute som planlagt fordi ”alle himmelens sluser opna seg”.
Den siste planlagde framsyninga var på det spesielle restaurantkomplekset Lido i Riga. Her var det fint å danse, og mykje folk var der og såg på.

Folklorefestivalen
I Riga hadde vi 3 dagar til rådvelde, og fekk tid til å bli kjende i byen. Vi fekk oppleve ein fantastisk folklorefestival. Eit opptog som varte så lenge at føtene trøytna medan vi stod og såg. Det må ha vore ti-tusenvis av deltakarar som gjekk i tog. Flotte og fargerike folkedrakter, handsydde eller vevne faner med dei vakraste motiv, blomekransar på hovudet til kvinnene og blomebukettar i hendene. Det var tydeleg at her låg det mykje arbeid bak førebuingane, og det var ingen tvil om at denne tradisjonen er ei viktig markering for det latviske folket. Vi merka oss at kvinnene dominerte i stor grad i opptoget og i framsayningane dei hadde. Kvinnene merka seg også ut når det gjaldt husflidsprodukt av ulike slag som var til sals på dei talrike salsbodene på festivalområdet.

                                                                 Kvinner i lokale drakter 

Måltida på turen
Reiseleiaren hadde valgt ut spesielle stader for måltid under turen. Der var mange utsøkte og varierte rettar serverte med tradisjonar frå landa vi vitja. Dette vart mest som ei eiga reise innan matkultur.



Bussturen
Ein kan tenkje at det vart ein noko lang busstur frå Ørsta til Baltikum tur/retur, og det var det sjølvsagt. Men reiseleiaren Rasmus Sunde orienterte om historien til dei ulike stadane vi reiste gjennom på ein svært interessant måte. I tillegg hadde vi musikaren vår som tok fram trekkspelet og underheldt med dei flottaste ballader. Han var ein stemningsskapar av dei sjeldne, så trivselsfaktoren var høg om bord i bussen.

Vi takkar audmjukt Sogn Reiseformidling for ein flott og innhaldsrik tur. Vi sit att med mange flotte minner og mykje ny kunnskap takka vere eit godt program og god og interessant informasjon.

Turid Karlsbakk